49 år gamle Mahmoud Ahmadinejad vann ein uventa, men likefullt overveldande siger ved presidentvalet i Iran i juni.
Irans nye president Mahmoud Mhmadinejad vart teken i eid i dag. (Foto: AP/Scanpix)
Under innsetjingsseremonien i Teheran i dag lova han å forsvare islam, og gjorde det samstundes klart at Iran aldri kjem til å bøye av for utanlandsk press.
Avviser EU
Samstundes gjentok ein talsmann for det iranske utanriksdepartementet at forslaget frå EU om ei løysing på striden om atomprogrammet til Iran, ikkje er akseptabelt. Eit formelt svar til EU blir gitt seinare i dag eller i morgon, sa han.
EU sitt forslag går blant anna ut på at Iran skal love å ikkje halde fram arbeidet med å rike uran, men at landet i staden skal få tilgang til sivil kjernefysisk teknologi, og få delta i eit økonomisk samarbeid med EU.
Atomvåpen
Målet for EU, og USA som har godkjent forslaget, er å hindre at Iran skal utvikle atomvåpen.
- EUs forslag er ikkje akseptable for Iran. Forslaget gir ingen garantiar for våre interesser, og det strir mot ikkjespreiingsavtalen og avtalen som vart inngått i Paris i juni, sa UD-talsmann Hamid Reza Asefi i Teheran i føremiddag.
Spenning
Den er sknytt stor spenning til korleis den nye presidenten vil handle i striden om atomprogrammet. Det har vore spekulert i at han vil gå inn for eit kompromiss, for å vise at han er ein persident som kan samarbeide.
Andre igjen trur ikkje dette vil skje, og at han har all interesse av å stå opp mot Vesten i denne saka.
Internasjonalt er Mahmoud Amhadinejad, tidlegare borgarmeister i Teheran, sterkt omstridd. USA meiner at han var ein av hovudmennene bak gisselaksjonen i Teheran etter sjahen sitt fall, då fleire hundre amerikanarar vart haldne fanga i den amerikanske ambassaden i fleire månader.
Etterforsking
I Austerrike blir han etterforska for mogldeg å ha stått bak drap på kurdiske dissidentar i Wien i Austerrike i 1989.
Rådgjevarane til den nyinnsette presidenten avviser alle skuldingane som grunnlause.
Den folkevalde presidenten i Iran er underordna den religiøse leiaren, ayatolla Ali Khaminei, og er såleis ikkje den viktigaste maktfaktoren i landet.