Hopp til innhold

Ny potensiell Batman-skyttar teken

Ein ny kinomassakre kunne skjedd i USA, då ein mann i delstaten Maine hadde med seg eit lada våpen på ei Batman-framsyning.

Ein ny potensiell Batman-skyttar vart teken i delstaten Maine med mange våpen i bilen. Han hadde hatt med seg eit lada våpen på filmpremieren.

KLIKK FOR VIDEO: Ny potensiell Batman-skyttar teken i delstaten Maine.

Politiet stoppa 49 år gamle Timothy Courtois då han køyrde over fartsgrensa i delstaten Maine, etter at fleire bilistar hadde meldt frå om råkøyringa. Når dei gjekk gjennom bilen hans fann dei eit heilt arsenal av våpen.

Courtois fortalte politiet at han nettopp hadde vore på framsyninga av den nyaste Batman-filmen på laurdag, og at han hadde hatt med seg eit lada våpen inn i kinosalen. Våpenet hadde han lagt i ein ryggsekk.

I bilen fann dei ein AK-47-rifle, fire handvåpen og mange bokser med ammunisjon, fortel Stephen McCausland, som er talsperson for styresmaktene i Maine, ifølgje Bangor Daily News.

Avisutklipp i bilen

Weapons Arrest

Dette biletet viser samlinga av våpen som politiet fann i bilen og leiligheita til 49-åringen.

Foto: Ap

Politiet fann også fleire avisutklipp i bilen hans, som omhandla skytemassakren i Colorado, der 12 menneske vart drepne.

– Ifølgje utsegna hans kombinert med alle våpena kunne dette ha vore katastrofalt, seier Philip Alexander i Maine-politiet.

Det kunne ha vore ein repetisjon av skytinga i Colorado?

– Det kunne det. Han hadde heilt klart våpenkrafta til å gjere det.

Vidare fortalte Courtois at han no var på veg til delstaten New Hampshire for å drepe ein tidlegare sjef.

– Han prata ikkje eksplisitt om å skade nokon på kinoen, men eg forventar at mykje av dette vil kome fram etter kvart, sa talspersonen for FBI i Maine, Kevin Donovan.

– Me veit framleis ikkje kva dei eigentlege intensjonane hans var når han tok med det lada våpenet til kinosalen.

Veit førebels lite

Kinoselskapet som driv kinoen Courtois var på, seier at dei har ein policy på at det ikkje er tillette med store ryggsekkar under kinoframsyninga. Dei har førebels ikkje kjennskap til om 49-åringen faktisk var på framsyninga på laurdag.

Politiet gjekk gjennom leiligheta til Courtois og fann enno fleire våpen enn dei fem i bilen.

Courtois er no varetektsfengsla for oppbevaring av skjulte våpen. Han skal ikkje ha vore dømt for noko tidlegare. Det statlege politiet etterforskar no saka i samarbeid med FBI.

Sa opp jobben

Den tidlegare sjefen som Courtois hadde planlagt å skyte, Marc Rousseau, seier til Bangor Daily News at Courtois hadde vore ein dyktig tilsett. Men for ei knapp veke sidan sa han plutseleg opp jobben sin i forsikringsselskapet der han hadde jobba i åtte år.

– Av og til skjer det ting i ein livet til ein person som forstyrrar måten ein lever på, seier den tidlegare sjefen.

Rousseau seier han såg Courtois seinast søndag morgon då han viste fram den splitter nye bilen sin av merket Ford Mustang.

– Han ville vise den fram til meg. Han var seg sjølv lik, seier Rousseau.

SISTE NYTT

Siste nytt