NRK Meny
Normal

Ny politiskytevideo skaper sinne i USA

Ein svart 17-åring går bortover ein veg i Chicago. Fleire politibilar står rundt tenåringen som går i vanleg tempo. Plutseleg vert han skoten av ein politimann. 16 gonger. Den nye videoen som viser den eitt år gamle hendinga skaper nytt stort sinne i USA.

Det har vært store protester i gatene i Chicago etter at en video av en politimann som skyter og dreper en tenåring ble offentliggjort i går.
Den hvite politimannen som skjøt, ble i går tiltalt for drap

Sjå video frå hendinga. NRK har vald å ikkje vise den delen av videoen kor guten vert skoten, og har difor klippa i den opphavlege videoen.

Laquan McDonald døde av dei 16 skota som vart fyrte av mot han. 17-åringen skal ha hatt ein kniv på seg, og vore påverka av det hallusinerande dopet PCP.

Rettssaka flytta fram i tid

Politiet skal ha blitt bedne om å kome til staden fordi nokon braut seg inni bilar og stal bilradioar. McDonald skal ha blitt snakka til av politimenn, men prøvde å gå bort frå dei, og det er då skota vert fyrte av.

Det heile skjedde i Chicago 20. oktober i fjor, men videoen av hendinga vart offentleggjort i natt, etter at ein dommar gav ordre om at den måtte gjerast kjent for folk flest. Videoen føyer seg inn i ei rekkje videoar som viser kvite, amerikanske politimenn skyte svarte unge menn.

Politimannen som skaut er no sikta for drap. Rettssaka har blitt flytta fram i tid for å prøve å unngå for store demonstrasjonar.

Handgemeng mellom politi og demonstrantar

Politiet i Chicago var i natt til i dag i konfrontasjon med demonstrantar som er sinte for at 17 år gamle Laquan McDonald vart skoten og drepen av ein politimann i oktober i fjor.

Foto: Nuccio DiNuzzo / Ap

Fleire politiskytingar

Men demonstrasjonar har det likevel blitt. I natt var fleire hundre demonstrantar ute i gatene. Dei marsjerte i gatene, stansa trafikken, og nokre omringa ein politibil medan dei ropte «16 skot» – med tydeleg adresse til talet på skot som politimannen fyrte av.

– Eg er så såra. Eg kan kjenne smerta i heile kroppen, seier Jedidiah Brown som er pastor og aktivist.

Aktivistane meiner videoen er eit bevis på at politiet bruker altfor brutale metodar i møte med svarte ungdommar. Også tidlegare har liknande videoar skapt sinne og demonstrasjonar i USA.

Mest kjent er drapet på Michael Brown, men det har også vore fleire andre saker der politimenn skyt svarte ungdommar. Og i fleire av tilfella meiner vitne at det ikkje er naudsynt å skyte og drepe, men at konflikten kunne blitt løyst på andre måtar.

– Folk har rett til å vere sinte. Folk har rett til å protestere. Folk har rett til å seie kva dei meiner. Men dei har ikkje rett til å utføre kriminelle handlingar, seier politioverbetjent i Chicago, Garry McCarthy.

USA-RACE/CHICAGO Demonstrators chant as the walk the streets during protests in Chicago

Mange deltok i demonstrasjonar i Chicago i natt etter at politiet offentleggjorde ein video som viser drapet på 17 år gamle Laquan McDonald.

Foto: JIM YOUNG / Reuters

Har fått utbetalt millionforlik

Politimannen risikerer no fengsel. Saksbehandlar, Anita Alvarez, i Cook County meiner videoen er dyster og opprørande.

– Å sjå ein 17 år gamal mann døy på ein slik valdeleg måte er veldig opprørande. Eg er absolutt ikkje i tvil om videoen vil knuse hjarta til alle i Chicago, seie Alvarez.

Chicago by har allereie utbetalt i overkant av 40 millionar kroner i forlik til McDonalds etterlatne familie, og det skjedde til og med før hendinga vart meldt.

Styresmaktene i Chicago har også forsøkt å dempe uroa ved å halde lokale informasjonsmøte, kome med kritikk av politimannen i offentlege fråsegn og kome med åtvaring om at politimannen no kan miste jobben.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt