Hopp til innhold

Niande dag på rad med gigant-demonstrasjonar i Bulgaria

Kravet om at statsminister Plamen Oresjarski må gå av aukar i Bulgaria. For niande dagen på rad er det i dag store demonstrasjonar i Sofia og andre byar.

Demonstrajonar mot statsministeren i Bulgaria.

Desse demonstrane sidestiller regjeringspartiet BSP med russisk mafia.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / Afp

I dag er det nye demonstrasjonar i Sofia. Demonstrantane seier at dei vil okkupere Nasjonalbygningen for kultur i sentrum av den bulgarske hovudstaden, om ikkje Oresjarski går av.

Bulgarias statsminister Plamen Oresjarski.

Statsminister Plamen Oresjarski nektar å gå av. – Det vil berre forverre den politiske krisa, seier han.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / Afp

Det var ei omstridd utnemning av ein tryggingsrådgjevar som sette sinna i kok i Bulgaria. No er det eit massivt krav om at statsministeren må trekkje seg.

No har også president Rosen Plevneliev kasta seg inn i striden. Han gir demonstrantane si fulle støtte, og ber politikarane bøye seg for krava om politiske reformer.

Bad om orsaking

Oresjarski har bede om orsaking for at han utnemnde den kontroversielle mediemogulen Deylan Peevski til ny tryggingsrådgjevar. Utnemninga vekte raseri i vide kretsar.

32 år gamle Peevski er leiar for eit selskap som eig fleire aviser, fjernsyns- og radiostasjonar, eit selskap der mor hans står som eigar. Han har også hatt ei korrupsjonsklage på seg, men denne vart trekt tilbake.

Kjetil Ra Hauge, Bulgaria-ekspert.

Både unge og eldre deltek i demonstrasjonane, fortel Bulgaria-ekspert Kjetil Ra Hauge.

Foto: UiO

Parlamentet har nekta å godta Peevski som ny tryggingsrådgjevar, og det gjekk så langt at GERB, det største opposisjonspartiet, valde å boikotte arbeidet i nasjonalforsamlinga. Dette partiet fekk rundt 30 prosent av røystene ved valet i mai.

Mange krav

Førsteamanuensis og Bulgaria-ekspert ved Universitetet i Oslo, Kjetil Ra Hauge, oppheld seg for tida i Bulgaria. Han er i Sarafovo på Svartehavskysten, like ved flyplassen i Burgas. Han seier at demonstrasjonane ikkje berre rettar seg mot statsministeren.

Demonstrantane krev også ei ny vallov med lågare sperregrense, som skal hindre 50-50-stillinga etter det siste valet. Ingen av blokkene fekk fleirtal, slik at statsministeren ikkje har eit fleirtal bak seg i parlamentet.

Mange krev også stemmeplikt, slik det til dømes er i Hellas, og at det skal vere mogleg å kalle tilbake valde representantar. Hauge fortel også at mykje av sinnet rettar seg mot høge straumprisar, den utbreidde korrupsjonen og regelrett kjøp av stemmer ved val.

Hauge ser ikkje på demonstrasjonane i Bulgaria som ein direkte følgje av uroa i Hellas og Tyrkia, som særleg i Tyrkia har vore eit ungdomsopprør.

Følg utviklinga i Bulgaria

Protestar utanfor parlamentet i Sofia.

Demonstrantane krev at statsminister Plamen Oresjarski og regjeringa hans må gå av.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / Afp

– Både gamle og unge

Det er både unge og gamle med i demonstrasjonane her i Bulgaria, fortel han. Han har ikkje inntrykk av at den økonomiske fortvilinga er like stor i Bulgaria som i nabolandet Hellas, og han har inntrykk av at uroa i Tyrkia er meir eit direkte opprør mot stasminister Erdogan.

Statsminister Oresjarski bad om orsaking for den kontroversielle utnemninga i ein tale i nasjonalforsamlinga onsdag.

Demonstrasjonar i Bulgaria.

Denne demonstranten etterlyser moral i den politiske eliten.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / Afp

– Eg gjorde ein politisk tabbe, og eg ber om orsaking ikkje berre til dykk, men også til dei mange tusen som har teke til gatene for å protestere. Dei ber meg om å gå av, det har eg oppfatta klart og tydeleg, sa han blant anna i talen.

Vil ikkje gå av

Han gjorde det likevel klart at han ikkje kjem til å gå av, fordi det berre vil skape ei endå større politisk krise. Det har den siste veka dagar vore store demonstrasjonar i Sofia, Plovdiv, Varna, Burgas og andre byar.

Svartehavsbyane Varna og Burgas er kjende feriemål også for mange nordmenn.

Det er ingen teikn til at de politiske uroa i Bulgaria skal gå over. Det er varsla nye demonstrasjonar mot statsministeren og regjeringa i Sofia og i mange andre store bulgarske byar også i dag.

– Vi krev sjølvrespekten vår tilbake, seier ein av dei mange bulgarske bloggarane, som skriv om bakgrunnen for protestane, Georgi Marinov .

Djup politisk krise

Bulgaria har i fleire månader opplevd ei djup politisk krise. Statsminister Boiko Borisov gjekk av i februar etter store demonstrasjonar mot høge straumprisar, tøffe innstrammingstiltak og skuldingar om vanstyre.

Store demonstrasjonar i Bulgaria.

Dette finn vi oss ikkje i lenger. står det på ein av plakatane under demonstrasjonen i Sofia i dag.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / Afp

Den nye statsministeren har lova å reversere desse tiltaka, men mange stolar ikkje på den ferske statsministeren og koalisjonsregjeringa hans

Seks bulgarske sette fyr på seg sjølv i protest mot den håplause økonomiske situasjonen i landet under dei store demonstrasjonane i februar og mars. Fleire av dei har brent seg til døde, andre fekk alvorlege brannskadar.

Demonstrasjonane no har ein heilt annan karakter. Både demonstrantane og politiet har sagt at alt skal gå fredeleg føre seg, og mange av demonstrantane har med seg born. Det er ikkje uvanleg at politi og demonstrantar gir vatn til kvarandre i det varme vêret.

Kaos etter nyval

Det vart halde nyval i mai, og trass i at Boiko Borisov og sentrum/høgre-koalisjonen hans gjorde eit relativt godt val, så ville ikkje opposisjonspartia samarbeide med han om ei ny regjering.

Dette bana vegen for ei koalisjonsregjering leidd av Plamen Oresjarski, der blant andre eit parti som har sterk støtte blant etniske tyrkara er medr. Det var dette partiet som nominerte mediemogulen Peevski til stillinga som tryggingsrådgjevar.

Den tyrkiske minoriteten i Bulgaria utgjer i underkant av ti prosent. Det er også ein stor minoritet av romfolk i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt