NRK Meny
Normal

Ny politisk krangel i Burkina Faso

Presidenten sin tryggingsstyrke krev at statsministeren i Burkina Faso går av umiddelbart. Eit slikt krav kan i verste fall kaste landet ut i eit nytt politisk kaos.

BURKINA-POLITICS-CRISIS-FILES

På ein seremopni vart Michel Kafando (til venstre) og Isaac Zida i fjor sette inn som høvesvis president og statsminister i Burkina Faso, for å leie landet gjennom ein overgangsfase. Nå krev landets presidenthær at Zida går av som statsminister.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

Både president Michel Kafando og statsminister Isaac Zida vart sette inn som mellombelse leiarar i november i fjor, etter at Burkina Faso hadde gått gjennom veker med totalt kaos.

Isaac Zida var før og under opptøyane nestkommanderande for presidentens tryggingsstyrke. Men då Compaoré etter massivt press frå fleire hundre tusen demonstrantar vart tvungen av militæret til å gå av, så annonserte han at han sjølv tok jobben med å leie ei overgangsregjering.

Zida og tryggingsstrykene på kant med kvarandre

Etter nokre veker som president vart Zida etter kvart bytta ut med Kafando, og tok rolla som statsminister i staden for.

Men i tida etterpå er det likevel presidentens tryggingsstyrke som har halde på det meste av makta i Burkina Faso.

Styrken har fleire gonger blanda seg inn i arbeidet til overgangsregjeringa, og den tidlegare nestkommanderande offiseren har etter kvart kome på kant med den nye leiinga i tryggingsstyrkene.

Demonstranter poserer i Burkina Faso

Her er to av fleire hundre tusen demonstrantar som i oktober 2014 protesterte på tidlegare president Blaise Compaoré sine planar om å endre grunnlova for å sitte lengre ved makta.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Og i dag kom kravet om at Zida må gå av som overgangsstatsminister.

Hadde tre krav til Zida

Tidlegare i dag måtte eit møte i landets ministerråd avlysast, fordi Zida var kalla inn til møte med presidentstyrken. To sentrale leiarar av tryggingsstyrkene har tidlegare stilt ulike krav til Zida, skriv Jeune Afrique.

SWITZERLAND-BURKINA-POLITICS-CRISIS-FILES

Blaise Compaoré var president frå 1987 og fram til i oktober i fjor. Då vart han kasta av militæret i landet etter enorme demonstrasjonar i det vestafrikanske landet.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Først krev dei ein garanti for at den militære leiinga i landet ikkje vert oppløyst som eit ledd i overgangsprosessen til nytt regime.

I tillegg krev dei å få utbetalt ein bonus som dei skal få ved slutten av kvart år, og til slutt vil dei at ein annan av leiarane i tryggingsstyrken vert fjerna frå jobben sin. Denne offiseren skal ha tette kontaktar med nettopp statsministeren i landet.

Det er førebels usikkert kva som no vil skje i Burkina Faso, der det er planlagd eit nyval i oktober. I utgangspunktet er det statsminister Zida og president Kafando som skal leie landet fram til ei ny regjering er velt av folket.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt