Hopp til innhold

Ny nordmann gripen i Kongo

Ein norsk mann vart førre veke gripen av kongolesisk politi i byen Mbudji Maii midt i landet, stadfestar Utanriksdepartementet.

Nordmann arrestert i Kongo
Foto: Privat

- Mannen var på reise i landet og så vidt vi veit åleine då han vart gripen, seier kommunikasjonsrådgjevar Bjørn Svenungsen i UD.

UD høyrte fyrst rykte om saka i 16-tida tirsdag ettermiddag, men fekk ikkje informasjonen stadfesta før rundt 22.30.

- Han er lauslaten no, men er fråteken passet og kan ikkje reise vidare. Difor får han bistand frå ambassaden vår i Angola, seier kommunikasjonsrådgjevar Svenungsen.

Har fått passet inndrege

Nordmannen har vore på sykkeltur i Vest-Afrika og vart gripen på eit hotell i midten av Kongo førre veke, melder NTB.

André Kibambe

Forsvarsadvokat André Kibambe har vorte beden om å bistå også nordmannen som vart gripen i Kongo førre veke.

Foto: Hallvard Sandberg / NRK

Det er uklart kor lenge mannen har vore i Kongo.

Ifølgje den norske diplomaten Fred Rasmussen, som er i Kongo i samband med rettssaka i Kisangani, har nordmannen fortalt at han vart slegen under gripinga.

Til VG Nett opplyser Rasmussen at mannen skal ha vore på reise i Kongo over lengre tid, men at han ikkje veit fleire detaljar i saka.

Kibambe beden om å bistå

Ifølgje VG Nett har forsvararen til Joshua French og Tjostolv Moland vorte beden om å bistå den gripne nordmannen.

- Eg vart oppringt og fekk fortalt at ein nordmann hadde fått problem. Eg fekk ikkje vite mykje om kva problema gjekk ut på, men politiet skal ha konfiskert nokre av eigedelane hans, seier André Kibambe til VG Nett.

SISTE NYTT

Siste nytt