Hopp til innhold

Ny massemønstring mot Mubarak

Fleire hundre tusen menneske har i kveld samla seg på Tahrir-plassen i sentrum av Kairo. Dette er den største demonstrasjonen hittil under opprøret mot Hosni Mubarak, melder AFP.

Video Største demonstrasjon hittil

VIDEO: Sigurd Falkenberg Mikkelsen frå Kairo.

Nokre meldingar går ut på at demonstrantane har bevega seg mot parlamentsbygningen, men det er uklart kor mange det gjeld og kor organisert det er. Demonstrantane er ikkje nøgde med at opposisjonspartia har innleidd samtalar med regjeringa.

Store menneskemengder demonstrerer i Kairo.

Store menneskemengder demonstrerer på nytt i Kairo tysdag kveld.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

Demonstrantane på Tahrir-plassen, også kalla Frigjeringsplassen, har gjort det klart at det vil bli arrangert liknande massemønstringar kvar tysdag og fredag heilt til Hosni Mubarak har trekt seg.

Det er også demonstrasjonar i kveld i fleire andre byar i Egypt, slik som i Alexandria, den nest største byen i landet. Demonstrasjonane gjekk i dag inn i si tredje veke.

LES OGSÅ: Mubarak-familien lider ingen nød

LES OGSÅ: – Plan for fredelig maktoverføring

Fredeleg overføring

Tidlegare i dag sa visepresident Omar Suleiman at styresmaktene har ein plan for ei fredeleg overføringa av makta i landet. Han sa også at demonstrantane ikkje vil måtte stå til rettsleg ansvar for opprøret.

Men dette ser ikkje ut til å gjere inntrykk på demonstrantane. Det har strøymt på med folk til sentrum av Kairo i heile dag, og etter arbeidstid kom det fleire tusen nye til Tahrir-plassen. Mange har med seg små born, og fleire er her for første gong.

Egypts visepresident Omar Suleiman

Visepresident Omar Suleiman seier styresmaktene har ein plan for maktoverføring.

Foto: - / Afp

- Eg kom hit for første gong i dag fordi denne regjeringa er ein fiasko. Mubarak møter framleis dei same stygge ansikta, seier Alaf Naged (71).

Han er tidlegare styremedlem i Den egyptiske nasjonalbanken National Bank og Egypt. Han seier vidare om Mubarak:

- Han forstår ikkje at det er over. Han er ein veldig sta mann.

Mange meiner det er feil å forhandle med regimet, og at det som har vore av kontakt berre er ein manøver av Mubarak for å vinne tid.

LES OGSÅ: – Mubarak drar snart til Tyskland

LES OGSÅ: Egypt: – Jeg ble brutalt mishandlet

- Kraft og styrke

Louise Arbour er leiar for International Crisis Group

Louise Arbour meiner det framleis er kraft og styrke i den egyptiske oppstanden.

Foto: DENIS BALIBOUSE / REUTERS

Louise Arbour, leiar for tankesmsia International Crisis Group (ICG) seier i eit intervju med NTB at det framleis er kraft og styrke i den egyptiske oppstanden mot Mubarak-regimet. Ho meiner det er viktig at begge sider no er tilbakehaldne.

Ho meiner det er viktig at opposisjonen må opptre sdama og vere pragmatiske når det gjeld å oppnå resultat innan rimeleg tid, og at alt ikkje må skje i dag eller i morgon.

Louise Arbour har tidlegare vore blant anna FNs høgkommissær for menneskerettar og hovudaktor ved FNs krigsbrotsverksdomstolar for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda.

Video Nye massemønstringar i Eggypt

VIDEO: Store demonstrasjonar i kveld.

Video Ny massemønstring på Tahrir-plassen

VIDEO: Fleire hundre tusen demonstrerer på Tahrir-plassen.

LES OGSÅ: Ikkje nøgde med lovnad om korrupsjonsjakt

LES OGSÅ: Obama: – Egypt kan ikke gå tilbake til slik det var før opprøret

SISTE NYTT

Siste nytt