Hopp til innhold

Ny måling: Skottane ønskjer ikkje sjølvstende

Eit fleirtal av skottane vil ikkje at Skottland skal rive seg lause frå Storbritannia, viser ei ny meiningsmåling.

Flagg Skottland

FOLKERØYSTING: Ifølgje den siste målinga frå The Times er det framleis eit fleirtal blant skottane for å bli verande i unionen med Storbritannia.

Foto: Lesley Martin / AFP

Målinga kjem to dagar etter at førsteminister Nicola Sturgeon overraska statsministeren til britane, Theresa May, med planer om ei ny folkerøysting.

Den førre var i 2014, og den gongen sa skottane nei til sjølvstende.

Ifølgje nye tal publisert i The Times, seier 57 prosent nei til å rive seg lause frå Storbritannia.

Vil bli verande i EU

Nicola Sturgeon

Skottlands leiar Nicola Sturgeon sa måndag at ho vil be dei skotske folkevalde om å halde ei ny folkerøysting om å rive seg lause frå Storbritannia.

Foto: Jane Barlow / AFP

Bakgrunnen for at Sturgeon vil ha omkamp, er misnøya blant skottane etter den britiske EU-røystinga. Eit stort fleirtal i Skottland stemde i fjor for å bli verande i unionen.

Sturgeon ønskjer seg ei ordning der Skottland blir verande i den europeiske fellesmarknaden, sjølv om resten av Storbritannia går ut.

«Brexit-knappen»

Tysdag heldt statsminister Theresa May ei tale i det britiske parlamentet, der ho forsikra at Storbritannia er i rute, og på veg ut av EU.

– Dette vil vere ei definerande stund for heile landet vårt, slo May fast.

Ho har fått grønt lys frå både Overhuset og Underhuset i parlamentet, til å kunne ta landet ut av EU. Det skjer ved å utløyse artikkel 50 i EUs Lisboa-traktat. May har lova å gjere dette innan mars er omme.

SISTE NYTT

Siste nytt