Hopp til innhold

Vil gje ny lov namn etter valdtektsoffer (23)

Ei ny indisk valdtektslov bør få namn etter kvinna (23) som døydde etter ei brutal gjengvaldtekt på ein buss i New Delhi, meiner fleire politikarar og aktivistar i landet.

Flere tusen kvinner gjekk ein stille marsj gjennom New Delhis gater onsdag, i protest mot den omfattande valden mot kvinner i landet. Det har vore demonstrasjonar kvar dag i India etter at ei kvinne vart valdteken og banka opp av seks menn på ein buss den 16. desember. 23-åringen døydde to veker etterpå.

Tusenvis deltok onsdag i ein stille marsj mot kvinnevald i den indiske hovudstaden New Delhi.

«Modig, fryktlaus og full av liv», slik minnast den sørgjande familien 23-åringen som blei frårøva livet sitt. Ho var ein ivrig medisinstudent frå mindre privelegierte kår som drøymde om å byggja sjukehus i fødelandsbyen sin og om å letta andre sine smerter, fortel dei etterlatne til BBC.

– Med mindre foreldra hennar er imot det, burde ho bli hylla og den reviderte valdtektslova bør kallast opp etter henne, skriv no statssekretæren i det indiske utdanningsdepartementet, Shashi Tharoor på mikrobloggen Twitter.

Familien svarar via indisk presse at dei vil setja pris på om nye lovparagrafar får namn etter 23-åringen.

– Ikkje behov for hemmeleghald

Den indiske politikaren Shashi Tharoor

Den indiske politikaren Shashi Tharoor går i bresjen for å få på plass ei ny, strengare valdtektslov kalla opp etter kvinna som døydde den 29. desember som følgje av ei gjengvaldtekt i New Delhi, India.

Foto: STRDEL / Afp

Mange indarar stiller seg no bak oppmodinga til Høgsterett om å frigje namnet til den unge medisinstudenten som kjempa for livet i to veker før ho døydde 29. desember. Livet hennar stod ikkje til å redda etter valdtekten og valden ho blei påført av seks menn med jernstenger.

– Ho viste oss med fingrane at ho var på veg opp til himmelen, fortel broren til offeret om den siste kontakten mellom dei ved sjukesenga i jula, ifølgje BBC.

Ugjerninga har no gått frå å vera ei valdtektssak til også å få status som ei drapssak. Dermed er det ikkje lenger grunn til å halda namnet på offeret hemmeleg, argumenterer statssekretæren Tharoor.

Kritikarar har derimot kalla utspelet «beklageleg» og det største opposisjonspartiet i India, Bharatiya Janata Party, varslar at dei vil motsetja seg eit slikt forslag.

Standhaftig protest

Tusenvis av sørgjande og sinte demonstrantar har i løpet av dei siste vekene framsett krav om at politiet og styresmaktene tek vald mot kvinner meir alvorleg, og at kvinnesynet i det indiske samfunnet må endrast.

Seinast onsdag gjennomførde ein kvinneorganisasjon ein stille protestmarsj gjennom gatene i hovudstaden New Delhi. Også i dag møtte mange tusen opp for å støtta opp om strengare straffar for valdtekter.

– Me marsjerer for å minna folk om at kvinner fortener respekt. Kvinner er mødre, kvinner er systrer, koner og døtrer, seier Juhi Khan i National Commission for Women til BBC.

– Bussjåføren prøvde å køyra over henne

Det grove overfallet har rysta ei heil verd. Den drepne 23-åringen var på veg heim frå kino saman med ein mannleg ven då dei to blei banka opp med jernstenger på bussen. I ein time valdtok dei seks mennene kvinna før dei kasta begge to ut på gata.

Bussjåføren skal deretter ha forsøkt å køyra over den kritisk skadde medisinstudenten, men blei redda av venen sin, opplyste politiet tysdag.

Dei første rettsmøtene i saka startar torsdag. Då vil politiet leggja fram den formelle skuldinga mot fem av dei seks mennene som er sikta for brutal gjengvaldtekt og drap.

Den sjette mistenkte skal vera mindreårig. Dei fem andre risikerer dødsstraff dersom dei blir funne skuldige i ugjerninga.

SISTE NYTT

Siste nytt