– Stå samla i denne jihaden for ein islamsk stat, erklærer mullah Aktar Mohammed Mansour i eit lydopptak.
I dag kunngjorde han i eit lydopptak, at det er han som har teke over for mullah Omar.
Det var førre veke at afghansk etterretning meinte å kunne bevise at mullah Omar døydde på eit sjukehus i Pakistan for to år sidan.
- LES: Mullah Omar død
Det var ein talsmann for Taliban, Zubiullah Mujahid, som sende lydopptaket til fleire mediehus i dag. Det har ikkje vore mogleg å få bekrefta om lydopptaket er ekte, men det kjem altså frå ein person som er ansvarleg for kommunikasjon frå Taliban.
Delte meiningar om den nye leiaren
Ifølgje Al-Jazeera skal fleire Taliban-toppar ha nekta å godta den nye leiaren.
Blant dei mest kritiske er mullah Abdul Manan Niazi, som seier til Al-Jazeera at Mansour manglar den rette erfaringa og verdiane.
Mansour er utnemnd til emir, medan mullah Omar hadde status som «kommandant for dei truande.»
Ifølgje NBC News var det mange i Taliban som ynskte at sonen til mullah Omar skulle bli den nye leiaren. Han skal høyre til ein fløy i Taliban som er mot fredsforhandlingar.
Ein dialogens mann
Manosur skal vere blant dei i Taliban som støtter fredsforhandlingane. Kjelder i den afghanske regjeringa seier til Al-Jazeera dei trur utnemninga vil bidra i positiv retning.
Når det gjeld personen Mansour, er opplysningane få og usikre.
Det blir hevda Mansour bur i byen Quetta og har to koner. Han var minister for sivil luftfart i Afghanistan då USA invaderte Afghanistan i 2001. Han har sidan vore ein nær støttespelar til mullah Omar, og ein leiande figur i Taliban.
Ifølgje kjelder NBC News har snakka med er han ein tolmodig og roleg person som er flink til å lytte.