Hopp til innhold

Ny korona-medisin tatt i bruk i Sverige

I Sverige er den første koronapasienten behandla med eit nytt legemiddel kalla Bamlanivimab. Det er det amerikanske legemiddelfirmaet Eli Lilly som har levert den første dosen på ein beredskapslisens.

Ein sjukepleiar viser fram ein dose med den eksperimentelle koronamedisinen Bamlanivimab fra Eli Lilly

EKSPERIMENTELL: Ein sjukepleiar viser fram ein pakke med den eksperimentelle koronamedisinen Bamlanivimab fra Eli Lilly.

Foto: Ondrej Deml / CTK / NTB

Ifølgje Sveriges Television får Sverige dei 200 første ordinære dosane neste veke.

Bamlanivimab er ei ny, syntetisk antistoffbehandling mot covid-19 som blei tillaten brukt i Sverige i februar. Behandlinga blir hastegodkjend i USA i november. Førbels er Bamlanivimab rekna som eksperimentell medisin.

Svensk helsepersonell kan ta i bruk antistoffbehandlinga Bamlanivimab sjølv om medisinen enno ikkje er offisielt godkjent.

Sverige gjorde avtale med Eli Lilly om levering av medisinen etter at helsevesenet sjølv hadde spurt etter han.

Koronamedisinen Bamlanivimab

Koronamedisinen Bamlanivimab.

Foto: AP / NTB

– Det er vi glade for å kunne tilby, seier Eli Lillys Sverige-sjef, Sandi Coleman.

Dersom sjukehusa treng meir enn dei 200 dosane, er Sverige klare til å kjøpe fleire, opplyser helsestyresmaktene.

Syntetiske antistoff

Det var sist fredag at den første pasienten fekk medisinen, stadfestar Maria State som er sjef for det svenske legemiddelverket.

Behandlinga verkar ved at pasientane får syntetiske antistoff tilført i blodet via drypp. Medisinen skal bere brukast til pasientar som risikerer alvorleg sjukdom ved koronasmitte.

– Sidan det finst avgrensa tilgang på medisin som verkar mot koronaviruset, så gir dette sjukehusa eit nytt verktøy. Men vi håpar at behovet for dette legemiddelet vil søkke i takt med at vaksinasjonen aukar, seier Maria State i det svenske legemiddelverket til SVT.

SISTE NYTT

Siste nytt