NRK Meny
Normal

Ny IS-leiar drepen i luftangrep i Irak

Den viktige IS-leiaren Abu Wahib er drepen i eit amerikansk luftangrep i Anbar-provinsen i Irak, opplyser Pentagon.

Abu Wahib drepen i amerikansk luftangrep.

IS-leiaren Abu Wahib vart drepen i eit luftangrep 6. mai, opplyser det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon.

Foto: - / Afp

Ifølgje Pentagon skjedde dette 6. mai. Tre andre IS-medlemer vart også drepne i same angrepet, opplyser talsmann Petter Cook. Abu Wahib var den militære leiaren til IS i Anbar-provinsen i Irak. Han har tidlegare vore aktiv i Al Qaida.

Angrepet skjedde like ved byen Ruba, langt inne i ørkenen i Anbar. Dei fire IS-krigarane var inne i eit køyretøy då angrepet skjedde, seier Peter Cook, men han vil ikkje seie om angrepet vart gjort med drone eller eit ordinært militærfly.

Flykta frå fengselet

Omar al-Shishani

Omar al-Shishani, opphavleg frå Tsjetsjenia, vart drepen av amerikanske styrkar i Irak.

Foto: Ap

Abu Wahid er 30 år gammal. Han vart arrestert av amerikanske soldatar i 2006, då han studerte datateknologi ved universitetet i Anbar. Han vart skulda for å vere med i Al Qaida. Han var fengsla i Camp Bucca i det sørlege Irak fram til 2009, då han vart dømd til døden og flytte til sentralfengselet i Tikrit i Saladin-provinsen.

I 2012 greidde Abu Wahid og 109 andre fangar å flykte frå fengselet, etter at krigarar frå IS gjekk til angrep på fengselet.

Etter ei dramatisk flukt frå fengselet fekk han stadig viktigare oppgåver i IS, og han vart etter kvart militær leiar for IS i Anbar-provinsen. Irakiske styresmakter meiner han har vore med på fleire terroraksjonar, og lokale styresmakter i Anbar hadde lovde ut ein dusør på 50.000 dollar til dei som tok livet av han eller tok han til fange.

Abu Wahib, som også har gått under namnet Shaker Wahib al-Fahdawi, har vore med på fleire videoar som IS har sendt ut av likvideringar.

– Lederskapet i IS er mer robust enn man tror

Fremmedkrigere fra over 70 land kjemper for IS

Mange toppfolk drepne

Drapet på Abu Wahid er det siste av fleire aksjonar mot IS-leiarar i Irak. Tidlegare er Omar al-Shishani, også kjend som Omar Tsjetsjenaren og rekna som forsvarsministeren til IS i Irak, drepen av amerikanske styrkar. Også Abd ar-Rahman al-Qaduli , også kjend som Haji Imam, truleg nestkommanderande for IS i Irak, er også likvidert.

I februar i år greidde amerikanske spesialstyrkar å ta til fange Sulayman Dawud al-Bakkar, som skal ha vore den fremste eksperten på kjemiske våpen i IS.

– Sidan januar 2015 har vi teke livet av over 40 viktige IS- og Al Qaida-krigarar. Vi har teke ut celleleiarar, planleggjarar og rekrutteringsansvarlege, skreiv talsmannen for dei amerikanske styrkane i Bagdad, Steve Warren, i eit innlegg på Internett sist veke.

Trass i at fleire IS leiarar er drepne det siste året, så held den islamistiske organisasjonen framleis store byar som Mosul i Irak og Raqqa i Syria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt