Hopp til innhold

Ny Gaza-uro etter Clinton-besøk

Tre medlemer av den islamistiske gruppa Islamsk heilag krig vart drepne i eit israelsk angrep på Gazastripa i dag.

Militær leiar i Islamsk heilag krig boren til grava.

Ein militær leiar i Islamsk heilag krig blir boren til grava.

Foto: SUHAIB SALEM / REUTERS

Helsearbeidarar opplyser at to av dei tre vart drepne momentant i luftangrepet nær grensa til Israel, medan den tredje døydde av skadane på eit sjukehus. Ein fjerde person vart såra i angrepet.

Ein israelsk talsmann seier at dei gjekk til angrep på ei gruppe palestinarar som var i ferd med å skyte antitank-granatar mot israelske soldatar inne i Israel.

Rakettangrep

Etter angrepet vart det avfyrt tre rakettar frå Gazastripa inn i det sørlege Israel. Det er ikkje meldt om såra etter rakettangrepa.

Islamsk heilag krig har teke på seg ansvaret for rakettane, og dei lovar å hemne dei tre medlemene som vart drepne i dag med nye angrep mot Israel.

Dette skjer dagen etter at USAs utanriksminister Hillary Clinton avslutta sitt besøk i Midtausten. I går møtte ho den palestinske presidenten Mahmoud Abbas i Ramallah på Vestbreidda, og før det møtte ho israelske leiarar.

I går ettermiddag vart ein militær leiar i Islamsk heilag krig, Khaled Shalan, og ein som var saman med han drepne i eit israelsk luftangrep.

Truar Hamas

Israel har trua Hamas, som har makta på Gazastripa, med nye harde angrep om det ikkje blir slutt på angrepa mot Israel.

Dei einsidige våpenkvilene, som både Israel og Hamas proklamerte etter den 22 dagar lange krigen i desember 2008 og januar 2009, blir stadig utfordra av nye angrep.

Egypt har prøvd å mekle ei varig våpenkvile mellom partane, men Israel har gjort det klart at landet ikkje godtek nokon våpenkvileavtale med Hamas før den israelske soldaten Gilad Shalit blir sett fri.

Han vart teken til fange av Hamas under ein aksjon inne på israelsk territorium i juli 2006.

Ei gruppe palestinarar inspiserer fortauet etter eit israelsk rakettangrep.

Eit israelsk prosjektil har laga eit stort hol i asfalten.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt