Hopp til innhold

Ny forsking: Havet smeltar Antarktis-isen

Smeltinga ved isfronten nær havet i Antarktis går fem gonger raskare enn lenger inne under isen, viser dei første resultata frå eit norsk-indisk forskingsprosjekt.

Nivlisen ved Sørishavet, Antarktis

Smeltinga går langt raskare der isen møter havet i Antarktis. Nivlisen er ein av mange isbremmar i Dronning Maud Land.

Foto: Katrin Lindbäck / Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Oppvarminga av havet skjer no dobbelt så raskt som for 25 år sidan, ifølgje FNs klimapanel sin spesialrapport om hav og is.

Kva følgjer har eit varmare hav for smeltinga av is i Antarktis? Norske og indiske forskarar har no trekt dei første konklusjonane etter eit omfattande forskingsprosjekt frå områda der den antarktiske isen møter havet.

Rundt innlandsisen på det antarktiske kontinentet ligg det ei rekkje isbremmar. Dette er is som flyt på havet. Forskarane har jobba på ein av desse, Nivlisen, som ligg ved den 2000 kilometer lange kysten av det norske området Dronning Maud Land i Aust-Antarktis.

Katrin Lindbäck, Norsk Polarinstitutt på Nivlisen i Antarktis

Ved radaren på Nivlisen i Antarktis. Katrin Lindbäck er forskar ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: Bhanu Pratap / National Centre for Polar and Ocean Research in India

Fem gonger så raskt

– Nivlisen smeltar fem gonger raskare frå havet nær isfronten enn lenger inn under isbremmen. Årsaka er at overflatevatnet som blir varma opp om sommaren blir pressa inn under isbremmen av vinden, og smeltar isen frå undersida, fortel forskar Katrin Lindbäck ved Norsk Polarinstitutt.

Ho er førsteforfattar av den første studien som er publisert etter forskingsprosjektet. Den står å lese i tidsskriftet The Cryosphere.

Sørishavet er blitt stadig varmare dei siste tiåra, og kan komme å påverke smeltinga av isbremmane i Aust-Antarktis. Men omfanget av dette er førebels usikkert, seier Lindbäck.

Tverrsnitt av isbremmen Nivlisen i Antarktis

Dette radarbiletet viser eit tverrsnitt av isbremmen Nivlisen. Det svarte og kvite feltet som går på tvers av figuren viser kor langt ned isbremmen går, frå ca. 100 til ca. 200 meter. Til høgre ser vi at isen er tynnast ute ved isfronten mot Sørishavet, der havtemperaturen er høgast (markert nede til høgre).

Grafikk: Lindbäck m.fl. (2019), The Cryosphere

– Isbremmane er nøkkelen

Det er enorme mengder is i Antarktis. Dersom isbremmane blir svekka, vil isen inne på kontinentet lettare sige ut i havet, og bidra til at havet stig.

Dronning Maud Land og Nivlisen i Antarktis
Grafikk: Tom Bob Peru Aronsen, / NRK

– Smelting av isbremmar frå havet kan påverke innlandsisen sin stabilitet, slik at isen flytter seg raskare mot havet. Det å forstå massebalansen i isbremmane er derfor nøkkelen til betre å forstå i kva omfang isen i Antarktis vil bidra til global havnivåstiging, seier ho.

På vel 100 år har det globale havnivået stige med rundt 16 centimenter. Smelting i Antarktis og på Grønland er ei viktig årsak til dette, ifølge FN.

Forskingsprosjektet MADICE starta i 2016, som eit samarbeid mellom Norsk Polarinstitutt og National Centre for Polar and Ocean Research (NCPOR) i India. Etter tre sommarsesongar, er feltarbeidet no fullført.

Forskerne Katrin Lindbäck og Bhanu Pratap på Nivlisen i Antarktis

Forskarane Katrin Lindbäck (Norsk Polarinstitutt) og Bhanu Pratap (the National Centre for Polar and Ocean Research in India (NCPOR) bruker såkalla høgfrekvent radar for å måle kor tjukk isbremmen Nivlisen i Dronning Maud Land er.

Foto: Harvey Goodwin / Norsk Polarinstitutt

Det største prosjektet

Dette er første gong det er blitt gjennomført så omfattande forsking på isbremmane langs kysten av Dronning Maud Land.

Bli med i beltevogn gjennom smeltedammane

Då forskarteamet returnerte frå Nivlisen etter den første feltsesongen (2016/2017), blei dei overraska av enorme mengder smeltevatn. Det som var fast blåis i november, var forvandla til vatn og sørpe. Foto: Norsk Polarinstitutt

Forskarane har brukt GPS og avansert radarteknikk, dei har plassert ut ei rekkje måleinstrument og tatt prøver av isen. Instrumenta blei gravne ned i snøen for å måle smelting kontinuerleg i løpet av den antarktiske vinteren, og gravne fram igjen under neste feltsesong.

– Det er godt kjent at temperaturen har stige på den antarktiske halvøya i vest. Men vi veit lite om forholda ved kysten i Aust-Antarktis. Derfor er dette forskingsprosjektet viktig, sa Thamban Meloth, prosjektleiar hos den indiske samarbeidspartnaren, til NRK då den første feltsesongen var i gang i 2016/2017.

Thamban Meloth og Kenny Matsuoka i Antarktis

Thamban Meloth frå the National Centre for Polar and Ocean Research in India (NCPOR) (tv.) og Kenny Matsuoka frå Norsk Polarinstitutt er prosjektleiarar for MADICE-prosjektet i Dronning Maud Land.

Foto: Bhanu Pratap / NCAOR

Direktør for Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund seier at forskinga på Nivlisen underbyggjer det som kjem fram i den siste rapporten frå FNs klimapanel.

– Det er i Antarktis dei store ismengdene er. Bidraget til havnivåstiginga vil bli større og større dersom vi ikkje greier å bremse klimautviklinga med avbøtande tiltak, seier han.

Porsjektet på Nivlisen er eitt av svært mange forskingsprosjekt i Antarktis. 30 land som har eit eige forskingsprogram her, samarbeider gjennom organisasjonen COMNAP. Desse landa har til saman meir enn 90 stasjonar i Antarktis.

Beltevogn-kolonne på vei over isbremmen Nivlisen i Antarktis

Beltevogn-kolonne på veg over Nivlisen i Dronning Maud Land.

Foto: Katrin Lindbäck / Norsk Polarinstitutt

SISTE NYTT

Siste nytt