Tre kvarter før bomba eksploderte vart det ringt inn ei åtvaring om ein føreståande eksplosjon i Madrid til den baskiske avisa Gara. Meldinga kom i form av ein kode som separatistorganisasjonen ETA nyttar.
Spanias statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero. (Foto: AP/Scanpix)
Det var ei bilbombe som eksploderte i den nordaustlege delen av den spanske hovudstaden. Politiet har stengt av området, men augevitne fortel om ei stor røyksøyle frå eksplosjonen.
Bomba blir sett på som ETA sitt svar på ei avrøysting i det spanske parlamentet sist veke, som gav regjeringa grønt lys for å forhandle med ETA dersom organisasjonen legg ned våpna.
Spanias statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero seier i ein kommentar at han tek fullstendig avstand frå terroråtaket. Han seier at det einaste håpet er ETA er å leggje ned våpna og opløyse seg.