Det siste angrepet skjedde berre nokre få timar etter at USA hadde lagt ned veto mot ein resolusjon i Tryggingsrådet i FN som kravde full stans i den israelske militæraksjon på Gazastripa.
Kontroll
Palestinske vitne fortel at dei israelske soldatane tok kontroll over fleire hus i flytkningleiren Jabaliya og i nabolandsbyen Beit Lahya. Ein 58 år gammal mann og den 25 år gamle sonen hans vart drepne då det vart skote med tanks mot huset dei var i Jabilyia.
Ein israelsk talsmann seier at det vart skote ein antitankgranat mot ein israelsk tank, men denne ikkje vart treft. Det vart like etter skote mot huset der antitankgranaten vart skoten frå, seier han til nyheitsbyrået AFP.
Tidlegare på natta vart ei 18 år gammal jente drepen, og 12 andre skadde, blant dei åtte born, då det vart skote mot huset deira i Beit Lahyia. Alle desse tilhøyrer same familien. Palestinske kjelder seier at israelske soldatar skaut mot ein ambulanse som kom for å hente dei skadde.
For fleire av borna, blant dei eit fire månader gammalt barn, er tilstanden alvorleg. Palestinske kjelder seier at israelske soldatar fyrte granatar mot huset då familien nekta å forlate det.
85 drepne
Nattas dødstal fører talet på drepne i den israelske militæraksjonen på den nordlege Gazastripa opp i 85. Aksjonen starta 28. september for å stanse palestinske rakettangrep mot Israel. Då to småjenter vart drepne av ein rakett i den israelske grensebyen Sderot, vart den israelske aksjonen intensivert.
Seint i går kveld norsk tid hindra altså USA at FNs tryggingsråd vedtok ein resolusjon som kravde slutt på den israelske Gaza-aksjonen.
USAs FN-ambassadør John Danforth seier at årsaka til vetoet var at formuleringane i forslaget, som var lagt fram av Algerie, ubalasert og hadde preg av skeiv framstilling.
- Resolusjonen nemner ikkje dei 200 rakettane som paletinske militante har fyrt av mot israelske må berre i går. Heller ikkje dei to israelske borna som leia seg utandørs sist veke, då dei vart drepne av ein rakett, sa Danforth.
- Svik
Den algeriske FN-ambassadøren Abdallah Baali seier på si side at Tryggingsrådet på nytt har svikta det palestinske folket.
- Det er ein trist dag for Palestina, og det er ein trist dag for rettferda, sa Baali i ein kommentar.
Den palestinske FN-observatøren Nasser al-Kidwa beklagar USA si haldning, og sa at nokre medlemer av Tryggingsrådet berre snakka om drepne israelarar.
- Det som verkeleg skjer er at den israelske hæren prøver å øydeleggje heile det palestinske folket, sa han.
Israels FN-ambassadør Dan Gillerman gav den palestinske leiinga skulda for krisa.
- Hadde det ikkje vore for deira trafiske leiarskap, og at dei vel å bruke terror i staden for å kome fram til semjhe, ville det palestinske folk hatt sin eigen stat for lenge sidan, sa han etter møtet i Tryggingsrådet.