NRK Meny
Normal

Ny arving til trona i oljemonarki

Kongen i Saudi-Arabia avsette natt til onsdag sin yngre halvbror som kronprins. Nevøen til kongen blir den som skal følgja i majesteten sine fotspor.

Sonen til Kong Salman (v) og kronprins Mohammed bin Nayef

Innanriksministeren og nevøen til kongen i Saudi-Arabia, Mohammed bin Nayef (t.h.), blei i natt utnemnd til ny tronarving. Kongen sin son, Mohammed bin Salman (t.v.) er ny visekronprins.

Foto: HO / Afp

Kong Salman bin Abdulaziz gjorde i natt fleire rokeringar i arverekkja og i regjeringa. Endringane blir av fleire nyheitsbyrå karakteriserte som kraftige omveltningar.

  • Kongen sin halvbror, Muqrin bin Abdulaziz (69) er fråteke kronprinstittelen og erstatta med monarken sin nevø, Mohammed bin Nayef.
  • Kongen sin son, prins Mohammed bin Salman er utnemnd til ny visekronprins.
  • Prins Saud al-Faisal, som har hatt vervet som utanriksministeren i 40 år, er byta ut med kongedømet sin USA-ambassadør Adel al-Jubeir.

– Etter eige ønske

Saudi Arabias kronprins Muqrin

Muqrin bin Abdulaziz, kongen sin halvbror, er avsett som kronprins til fordel for kongen sin nevø.

Foto: ALI JAREKJI / Reuters

Ifølgje ei fråsegn frå styresmaktene var det halvbroren Muqrin som sjølv som ønska seg bort frå kronprinstittelen.

– Me har bestemt oss for å godta den høgvørde kronprinsen sitt ønske om å bli avløyst frå tittelen, lyder fråsegna som blir formidla av det statlege nyheitsbyrået Saudi Press Agency.

Den avsette kronprinsen blir også fristilt frå vervet som visestatsminister, men «vil for alltid bli høgt akta», ifølgje den offisielle fråsegna.

Ny USA-venleg kronprins

Saudi Arabias nye konge, Salman bin Abdul Aziz al-Saud

Kong Salman tok over trona i januar i år, etter at broren, kong Abdullah døydde.

Foto: YUYA SHINO / Reuters

Den nye kronprinsen, bin Nayef, har ifølgje BBC gode relasjonar til USA, og utnemninga vil truleg falla i god jord hjå amerikanske styresmakter.

Kronprinsen held fram som innanriksminister og leiar av politikk- og tryggingsrådet i oljeriket. Han har markert seg i kampen mot militant islamisme og overlevde sjølv så vidt eit attentatforsøk i regi av terrornettverket Al Qaida i 2009.

Kong Salman bin Abdulaziz (79) kom til makta i januar i år etter at halvbroren, Kong Abdullah, døydde. Den nye kongen blir av vestlege diplomatar skildra som «den sterke mann» i Saudi-Arabia og har pressa på for ein meir aggressiv og muskuløs utanrikspolitikk opp mot sin regionale rival Iran.

Dei ferske rokeringane i maktapparatet markerer eit skifte etter forgjengaren Kong Abdullah og indikerer at ein ny generasjon er i anmarsj til å ta over roret i det styrtrike kongedømet, meiner BBC sin korrespondent i området.

Kongefamilien al-Saud har regjert i Saudi-Arabia sidan landet blei grunnlagt i 1932.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt