NRK Meny
Normal

Ny "Svarte-laurdag" i Australia

Nøyaktig to år etter at «Svarte-laurdag» tok livet av 173 menneske i Australia, har det brote ut nye, massive skogbrannar i Australia.

Video Nye skogbranner i Australia

Australia er råka av nok ein naturkatastrofe.

Høge temperaturar kombinert med sterk vind frå syklonen som rasa inn over nordlege Australia førre veke, har fått to kraftige skogbrannar til å blussa opp på vestkysten.

I Perth, den fjerde største byen i Australia, er minst 59 hus slukte av flammane og rundt 30 heimar har fått store skadar. Ei bru har kollapsa fullstendig, og brannmannskapet strir framleis med å få kontroll over flammane.

Ny «Svarte-laurdag»

Dei lunefulle skogbrannane blussa opp laurdag, nøyaktig to år etter tragedien «Svarte-laurdag» - dei mest døyelege skogbrannane nokonsinne i Australia.

På få dagar tok over 400 skogbrannar 173 menneskeliv i den søraustlege delstaten Victoria. Fleire hundre vart såra, 2000 heimar brente ned til grunnen og dei materielle skadane var enorme.

Det vert måndag skipa til minnemarkeringar i dei landsbyane som vart råka hardast av Svarte-laurdag-brannane.

– Det er ei påminning til oss alle om kor tungt og smertefullt det er å reisa seg att etter ein naturkatastrofe, sa den australske statsministeren Julia Gillard.

Svarte-laurdag i Australia, 7.febr 2009

Rekordhøge temperaturar, skiftande vindar og tørke var bakteppet for 'Svarte-laurdag' i Australia den 7.februar 2009.

Foto: WILLIAM WEST / AFP

På rekkje og rad

Yasi-bobilødeleggelser

Den kraftige syklonen «Yasi» herja nyleg i byar og område langs Queensland-kysten i Australia.

Foto: TIM WIMBORNE / Reuters

Flaum, stormar, gigantsyklon og no skogbrann. «The Land Down Under» ser bokstaveleg talt ut som eit land som er i ferd med å gå under etter at naturkatastrofar har råka landet som perler på ei snor den siste tida.

Syklonen Yasi som sveipte over turistområda i nord sist torsdag, røska med seg hundrevis av bustader og øydela avlingar verde om lag 3 milliardar norske kroner, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Før Yasi, opplevde Australia den verste flaumen på over 50 år. Meir enn 30 menneske omkom, og titusenar av heimar i Queensland og Victoria blei overfløymde.

«Jentungen» har skulda

Flom i Queensland, Australia

Flaum i Queensland.

Foto: AP
Flom i Australia

Havstraumen la Niña fører til ekstremvêr i Australia og i andre land vest i Stillehavet.

Foto: Jarle Sundve

I nesten heile Australia står styresmaktene no framfor enorme utfordringar og kostnader med å rydda opp etter dei katastrofale øydeleggingane.

Dette ekstremvêret vest i Stillehavet blir av Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO) kopla til vêrfenomenet «La Niña», som er spansk for jentunge.

La Niña er ein kald havstraum som fører til mykje nedbør og høge sjøtemperaturar i områda ved ekvator.

Ifølgje WMO er La Niña-episoden som går føre seg no, den sterkaste på hundre år og vil truleg ikkje gje seg med det første.

Lunefulle flammar

Brannane som for øyeblikket herjar utanfor Perth er både uforutsigbare og spreier seg raskt. Det er tett vegetasjon i området, og ulendt terreng gjer det vanskeleg for brannmannskapen å driva sløkkingsarbeid frå bakkeplan.

Fleire hundre har flykta frå heimane sine, etter at styresmaktene laurdag oppfordra innbyggjarane i brann-området til å evakuera.

«Livet ditt er i fare. Du må handla umiddelbart for å overleva», heiter det i åtvaringa frå staten.

«Kom dykk ut»

Pensjonisten David Locke har som mange andre søkt tilflukt i eit herberge. Saman med kona Carole og katten Daisy har han flykta frå hus og heim.

– Då telefonen ringte og dei sa «kom dykk ut», så drog me med det same, fortel Locke til Associated Press.

Samstundes er soldatar frå den australske hæren og frivillige i gang med opprydningsarbeidet i landsbyar som liknar krigssonar etter at syklonen Yasi passerte. Bulldosarar, heisekranar og beltebilar er sett inn i arbeidet med å fjerna ruiner, stein og skrot som har samla seg i haugar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt