Hopp til innhold

Norske turistar i Las Vegas: – Ein fryktar for livet når noko slikt skjer

Rundt 40 nordmenn deltok i ei pokerturnering i Las Vegas, da skytinga byrja. Dei fekk seg ein kraftig støkk.

Pokerturnering

FEKK SJOKK: Pokervenene Håkan Wingskog, Monica Tysnes Karlsen, Asbjørn Elvevold og Marius Ulriksen fekk sjokk da dei fekk høyre om skytinga. Men dei føler seg trygge på hotellet, og fortel at sikkerheitsvaktene har gjort ein god jobb.

Foto: Monica Tysnes Karlsen / Privat

Monica Tysnes Karlsen er på same hotell som dei norske pokerspelarane, og fortel alle vart skremde.

– Det er heilt forferdeleg det som skjedde. Vi fekk sjokk alle saman da vi fekk beskjeden om skytinga. Men på grunn av gode tryggingstiltak på hotellet følte vi oss litt tryggare.

Men ein fryktar jo for livet når ein står midt i ein slik situasjon, fortel Monica Tysnes Karlsen frå Tromsø til NRK.

Monica tysnes Kalrsen

FEKK MANGE MELDINGAR PÅ FACEBOOK: Monica Tysnes Karlsen måtte roe vener og slekt heime i Noreg på Facebook.

Foto: privat

Ho er saman med fleire norske pokerspelarar i Las Vegas, som ikkje har klart å gå å legge seg.

Til saman 350 europeiske pokerspelarar var samla ved Casinoet Wynn Encore. Dei deltek i ei stor europeisk turnering arrangert av speleselskapet Unibet.

Unibet sende straks SMS til alle spelarane for å be dei om å melde frå om dei var i god behald.

Unibet-talsmann Alexander Westrell, fortel i ein e-post til NRK at alle deltakarane og dei tilsette er i god behald.

TOPSHOT-US-REPORTED-SHOOTING-AT-MANDALAY-BAY-IN-LAS-VEGAS

HØG BEREDSKAP: Politiet står vakt ved country-konserten der mange vart drepne og såra. Stephen Paddock opna eld frå hotellet Mandalay bay på andre sida av vegen og drap minst 50 menneske.

Foto: DAVID BECKER / AFP

Frykt og avsky

– Det var «lockdown». Vi vart sperra inne på hotellet i fire timar, fortel pokerspelar Asbjørn Elvevold frå Stavanger.

– Ingen slapp inn eller ut.

Samtidig fortsette pokerturneringa. Det var midt i finalen, og det var framleis 18 spelarar igjen.

Men dei fleste gjekk opp på romma sine, folk var engstelege, fortel Elvevold.

– Du kjenner at det blir litt nært, det vart ei merkeleg stemning, og vi mista litt fokus på pokeren, det blir jo så ubetydeleg når noko slikt skjer, fortel han til NRK.

Pokervener i Las vegas

MERKELEG STEMNING: Plutseleg var ikkje spelinga så viktig lenger. I bakgrunnen kan ein skimte eit typisk Las Vegas kasino.

Foto: Monica Tysnes Kalrsen / Privat

Avslutningsfest avlyst

Opphavleg skulle alle spelarane på ein avslutningsfest i går, men denne vart avlyst av Unibet.

Framleis står det mange sikkerheitsvakter utanfor inngangen til hotellet der spelarane bur.

– Beredskapen er på topp, og politiet og sikkerheitsvaktene kom på plass veldig raskt, så vi føler oss trygge, fortel Elvevold, som trass alt føler han har blitt tatt godt vare på.

Heller ikkje Tysnes Karlsen har latt seg skremme av skytetragedien.

– Eg håpar eg kan kome tilbake, det er ein utruleg flott by, fortel ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt