NRK Meny
Normal

Norske soldatar skadde av vegbombe

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fire norske soldatar vart torsdag kveld lettare skadde etter at dei køyrde på ei vegbombe i Afghanistan, opplyser Forsvaret.

Soldatane vart skadde då ei norsk kolonne køyrde på ei vegbombe, medan dei var på veg frå Mazar-e Sharif til Kabul, klokka 21 lokal tid.

Hendinga skjedde på vegen mellom Bangram og Kabul. Det var sju køyrety i kolonnen, med 25 norske soldatar og ein afghansk tolk.

Eit pansra køyrety av typen SISU vart øydelagt og etterlate på staden.

Etter angrepet tok soldatane og tolken seg til ISAF-installasjonar i området, og soldatane er til behandling på sjukehus.

– Eg er godt nøgd med korleis dei norske soldatane handterte situasjonen, og glad for at liv ikkje gjekk tapt. Me set tryggleiken svært høgt, likevel er ikkje oppdraget utan risiko, seier sjefen for Forsvarets operative hovudkvarter, viseadmiral Haakon Bruun Hansen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt