Norske soldatar køyrde på vegbombe

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit køyretøy med norske soldatar har køyrt på ei vegbombe i Faryab i Afghanistan i dag. Ingen er skadd, opplyser Forsvaret.

Det er førebels uklart kor mange som var i det pansra militære køyretøyet, seier pressetalskvine Heidi Langvik-Hansen til NRK. no. Men ho kan stadfeste at ingen er skadd.

Forsvaret fekk melding om det som hadde skjedd like etter klokka 14, melder Dagbladet .

Ingen skotveksling

Det er meldt om materielle skadar på bilen. Det skal ha skjedd nordvest for Meymaneh, men Forsvaret kjenner førebels ikkje til akkurat kvar. Det er ikkje meldt om skotveksling leller annan dramatikk etter bombeeksplosjonen.

Det er uvisst om køyretøyet køyrde åleine eller i kolonne med andre.

Det er førebels uklart kva køyrety det er snakk om. Forsvaret har nyleg teke i bruk nye køyretøy av typen Dingo 2 i drift i Afghanistan, men det er usikkert om det var denne typen som var innblanda i hendinga i dag.

Den norske styrken i Afghanistan vart oppretta 6. desember 2001 etter eit vedtak i Tryggingsrådet i FN, og er ein del av ISAF-styrken.

Provincial Reconstruction Team (PRT) er lokalisert i Meymaneh by, men har heile Faryab-provinsen som operasjonsområde.

Den viktigaste oppgåva til styrken er å støtte den afghanske hæren og afghanske politistyrkar i kampen mot opprørarar.

SISTE NYTT

Siste nytt