Hopp til innhold

Norske soldatar i kamp i Afghanistan

Fleire norske soldatar kjempa i dag saman med afghanske styrker då Taliban angreip flyplassen i Kabul. Dei norske soldatane er i landet for å vere mentorar, medan afghanske tryggingsstyrkar speler hovudrolla i kampen mot Taliban.

Norske spesialstyrker er til stades i Kabul for å vere mentor for afghanske tryggingsstyrker

Nordmenn i kamp - Dagsrevyen 21 10. juni

Kampane ved flyplassen i den afghanske hovudstaden varte i to timar, og berre dei sju angriparane frå Taliban vart drepne, medan to sivile afghanarar vart skadde. Med i kampane var norske spesialstyrkar som er til stades i Afghanistan for å yte støtte for afghanske styrker.

– Tryggingssituasjonen er verre

– Dei norske spesialstyrkane har over lengre tid vore mentorar for den afghanske tryggingsstyrken i Kabul. I den samanheng var dei norske styrkane med som mentorar i dagens operasjon, seier pressetalsperson i Forsvaret Vegard Finberg, som ikkje vil seie kor mange nordmenn som er i Afghanistan.

Etter at Noreg trakk ut sine soldatar frå Afghanistan har det frå fleire kantar blitt hevda at det var for tidleg, og at afghanske styrker ikkje var klar for å overta det store ansvaret som følgde. Tryggingssituasjonen i områda kor dei norske soldatane opererte skal også ha blitt dårlegare etter at Noreg trakk seg ut.

Norsk soldat i Kabul, Afghanistan

Norsk soldat under kamp i Kabul, Afghanistan den 24. mai 2013

Foto: MASSOUD HOSSAINI / Afp

– Godt teikn

Dei norske spesialstyrkane som no er i Afghanistan speler berre ei statistrolle, og ifølgje Finberg er det dei afghanske tryggingsstyrkane som sit i førarsetet. Han er godt nøgd med dagens innsats.

– Det som er bra i denne situasjonen er at det viser at dei afghanske tryggingsstyrkane som har fått trening av norske spesialstyrkar løyser oppdraga på eiga hand, og klarer å slå ned opprørsaktivitet som dette. Det er eit veldig godt teikn på at dei snart er klar for å ta over tryggingsansvaret sjølve, seier Finberg.

Også førre veke var norske soldatar delaktige i kampar i Kabul, då ein sjølvmordsbombar og fleire andre opprørarar angreip eit bygg som husa FN og andre vestlege organisasjonar.

SISTE NYTT

Siste nytt