Samstundes seier ein russiske talsmann at evakueringsluka er så øydelagd, at ho må fysisk fjernast.
NRKs medarbeider i Murmansk, Gro Holm, seier at meldingane frå norsk og russisk side gir eit heilt ulikt inntrykk av situasjonen, og at det er svært forvirrande.
I kveld sit redningsleiarane frå Russland, Storbritannia og Noreg saman for å drøfte det vidare bergingsarbeidet.
Dei norske dykkararne trur at det er mogleg for anten den britiske miniubåten eller ein russisk redningskapsel å kople seg til den havarerte ubåten.
I kveld har også dykkarane registrert undertrykk, noko som kan tyde på at det er luft bak naudluka på "Kursk".
John Espen Lie ved Forsvarskommando Nord-Noreg seier at det ikkje er rett at det norske dykkar-teamet har konkludert med at ein eller fleire drukna personar er fanga bak luka, slik russisk tv har meldt tidlegare i dag.
Det er den russiske redningsleiinga som avgjer kva måte ein skal prøve å kome seg inn i ubåten på.
Ein russisk talsmann seier i kveld at dei norske dykkarane skal prøve å opne evakueringsluka ved hjelp av ei kran om bord på dykkarskipet "Seaway Eagle". Visestatsminister Ilya Klebanov seier til det stalege tv-selskapet RTR at dei norske dykkarane har sagt seg viljuge til å gå inn i "Kursk", trass i risikoen dette medfører.
På norsk side blir det avvist at norske dykkarar vil gå inn i ubåten før det er slått fast at ubåten er tømt for luft. Er det luft inne i ubåten kan det vere livsfarleg å gå inn for dykkarane.
Dei norske dykkarane vart i kveld flogne til hovudkvarteret til den russiske nordflåten for øve på slusekammeret til ein russisk ubåt av same type som "Kursk".
Kjensleladd Putin
Russlands president Vladimir Putin (biletet) var tydleleg rørt då han sa på fjernsynet at rusarane følgjer det vanskelege redningsarbeidet på "Kursk" med tårer i augene.
Det har vore reist sterk kritikk mot Putin fordi han har vore så tilbaketrekt i tida etter av atomubåten havarerte i Barentshavet laurdag for åtte dagar sidan. Fråsegnene hans i dag var dei mest kjensleladde hittil i dramaet, og han karakteriserte ulukka som ei forferdeleg hending.
-Med smerte i hjarta våre, og eg overdriv ikkje, med tårer i augene, følgjer vi alt som skjer i Barentshavet, sa Putin før eit møte med kyrkjeleiarar. Sjømennene gjer alt dei kan for å berge kameratane sine, la han til.
-Dessverre er det slik av og til at hendingane sjølve dikterer logikken i korleis ein situasjon utviklar seg. Men inntil siste minutt vil vi gjere alt som kan gjerast, i håp om at noko kan bergast ut i livet, sa presidenten.
Putin sa også at russarane bør gi si støtte til mødrene, søstrene, konene, borna og fedrene til sjømennene om bord i "Kursk".
Innsamling
Ei gruppe mektige og velståande russiske forretningsmenn har samla inn over åtte millionar kroner til familiane til dei 118 sjømennene om bord i ubåten "Kursk".
Ein av forretningsmennene, den omstridde oglikarken og Duma-repersentanten Boris Berezovskij, seier at innsamlinga vil halde fram i tida som kjem.
Berezovskij, som også har planar om å danne eit nytt opposisjonsparti, kom i dag med sterk kritikk av president Vladimir Putin. Mange har kritisert Putin fordi han ikkje avbraut ferien sin ved Svartehavet før fleire dagar etter ulukka.
-Det verkar på meg som om Putin, på ein heilt uventa måte, har vist seg som ein kjenslelaus mann, sa Berezovskij.