I helga blei Greta Thunberg boren vekk av politiet i den tyske gruvebyen Lützerath, som skal jamnast med jorda for meir gruvedrift.
Tysdag har aksjonane starta igjen, også i dag med store tal. Blant dei er fire nordmenn: Simon Balsnes, Jonas Kittelsen, Elin Schopmeier og Elise Sørensen.
– Demonstrasjonen tok seg inn mot gruveområdet. Nokre har klart å bryte seg inn gjennom politiet sine linjer. Vi er i ei gruppe som blei halde tilbake av politi og hestar, seier Balsnes til NRK.
Simon Balstad seier han er førebudd på å bli teken av politiet.
Foto: Natur og Ungdom– Herifrå er det frå horisont til horisont, eigentleg, dette opne dagbrotet. Politiet har teke i bruk tåregass og batongslag mot aktivistar som er i nærleiken av oss.
Balsnes seier han er førebudd på å bli arrestert av tysk politi som følge av demonstrasjonane.
Politiet har tidlegare fått ordre om å fjerne alle klimaaktivistane som har samla seg i Lützerath.
Kittelsen, som representerer Extinction Rebellion i Noreg, er til stades tysdag for første gong.
– No er det tusenvis av politifolk som vernar om staden, og vi brukar berre kroppane våre, men vi prøvar, seier han.
Kittelsen deler sine videoer fra demonstrasjonen på tirsdag.
– Spesielt dersom ein går innanfor sperringane så må ein vente å bli teken, eventuelt boren vekk og kanskje også slått. Spesielt dersom ein er åleine.
Videoar som aktivistane har sendt inn viser politi på hesterygg som omringar ei gruppe som har teke seg inn. Blant dei er Balsnes og Kittelsen.
– Vi er veldig tydelege på at vi er ikkje-valdelege. Slik sett kjem ikkje vi til å eskalere situasjonen vidare, seier sistnemnde.
Jonas Kittelsen frå Extinction Rebellion er til stades tysdag under demonstrasjonen.
Foto: Simon BalsnesFryktar ein brutal klimaeffekt
Dersom arbeidet med å utvide brunkol-gruva får fortsette, får det tyske energiselskapet RWE nytte seg av 280 millionar tonn av klimaverstingen brunkol.
Formålet er å tilføre energi til ein sveltefora kraftmarknad i Tyskland, som saman med resten av Europa er hardt råka av krigen i Ukraina.
Bygda Lützerath og jorda som omringar den var fram til 1980-talet heim til kring 40 000 menneske. Det er likevel RWE som eig jorda.
RWE har nemleg bergrettane der i landet det finst kol, og kan dermed lovleg krevje å få kjøpt landområda. Kyrkjer, hus og skular måtte vike, då utvidinga av dagbrotet starta i 2019.
Biletet er teke av klimaaktivistar inne på kolgruveanlegget i Lützerath.
Foto: Ende Gelände InternationalI dag er det berre åtte lokale innbyggarar som held til i området. Nokre av desse skal ha opna heimen sin for å hjelpe aktivistane.
Tyskland har tidlegare lova å fase ut kolenergi innan 2030, og Lützerath er venta å vere den siste landsbyen som blir slukt opp av daggruva.
RWE meiner det kan vere behov for kolet allereie i vinter.
«Kan ikkje lempe på klimamåla»
– Berre denne kolgruva åleine vil sprenge alle klimamål. Dette handlar om vår framtid. Det vi står på no, under oss er det kol, og dersom det blir teke opp, så får ikkje vi ei trygg, leveleg framtid, seier Kittelsen.
– Vi kjenner på ei slags plikt for å kjempe og stå i solidaritet, både med våre tyske aktivistar, men spesielt kanskje det Globale Sør. Dersom dette kolet blir brent, vil det føre til vesentleg forverra levekår for milliardvis av menneske.
Konflikten over Garzweiler-gruva er på mange måtar symbolsk for energiutfordringane i Tyskland. Etter å ha fasa ut atomkraft satsa Tyskland stort på russisk gass.
Dette er trass i ei raudgrøn regjering med blant anna ein klima- og økonomiminister frå Miljøpartiet.
Frå Twitter-kontoen til Ende Gelände International, som her har teke seg forbi politisperringane og inn på området.
Foto: Ende Gelände InternationalKol frå Garzweiler vil medføre mykje større problem enn dei statsleiarane står overfor i dag, meiner Balsnes.
– Det ein må satse på er energieffektivisering, det er å sette opp meir fornybar energi på kort sikt.
– Vi kan verkeleg ikkje lempe på klimamåla for å møte den mellombelse krisa som vi står i no. Konsekvensane av å ikkje nå klimamåla er så enormt mykje verre.