NRK Meny
Normal

Norskætta guvernør blir Trumps mann i Kina

Overgangs-administrasjonen til Donald Trump opplyser at Iowa-guvernør Terry Branstad (70) har akseptert eit tilbod om å bli ny amerikansk ambassadør i Kina.

Donald Trump og Terry Branstad.

Donald Trump og Terry Branstad møtte kvarandre fleire gonger under presidentvalkampen.

Foto: SCOTT MORGAN / Reuters

Den populære Iowa-guvernøren, som under heile presidentvalkampen var ein ihuga støttespelar for Donald Trump, har lenge hatt eit godt forhold til Kinas president Xi Jinping.

Dei to møttest første gongen i 1985, då Xi, lenge før han vart president, var med i ein kinesisk landbruksdelegasjon som vitja Iowa.

Godt kjend i Kina

Så seint som i 2012 heldt Branstad ein offisiell middag for den Xi Jinping, berre ni månader før han vart president, i Iowas hovudstad Des Moines. Den norsk-amerikanske guvernøren har sjølv vitja Kina fleire gonger dei siste sju åra.

Guvernør i Iowa Terry Branstad.

Terry Branstad er den lengstsitjande guvernøren i USA og er inne i den sjette perioden sin i Iowa.

Foto: MATT MILLS MCKNIGHT / Reuters

Alt 6. november, midt i den hektiske innspurten av presidentvalkampen, sa Trump under eit val-arrangement i Sioux City at Branstad var hans førstekandidat til å «ta vare på Kina».

Sjølv seier ein talsmann for Branstad at meldinga om at han har fått tilbod om ambassadørstillinga i Kina er «prematur» og ikkje heilt «nøyaktig».

Det var Bloomberg som først melde at Branstad hadde fått dette tilbodet frå Trump, og seinare kom Fox News på banen. Begge siterte kjelder i overgangsadministrasjonen til Donald Trump.

– Ein gammal ven

Talsmann for det kinesiske utanriksdepartementet, Lu Kang, fekk spørsmål om Branstad på den daglege pressebriefen i Beijing i dag. Han sa at Terry Branstad er ein gammal ven av Kina.

Kinas president Xi Jinping.

Terry Branstad har eit godt forhold til Kinas president Xi Jinping (biletet).

Foto: Nicolas Asfouri / AFP

– Vi ser han gjerne i ei viktigare rolle for å utvikle forholdet mellom USA og Kina, sa Lu Kang blant anna.

Det er knytt mykje spenning til korleis forholdet mellom USA og Kina skal utvikle seg når Donald Trump tek over Det kvite hus 20. januar. Den påtroppande presidenten hadde mange friske utsegner om Kina under valkampen, og han skapte furore då han nyleg snakka med presidenten i Taiwan på telefon .

Trump forsvarer Taiwan-telefon med Twitter-tirade

– Lurt å be om råd før man ringer

Eitt Kina-politikken

Dette var eit klart brot på den etablerte etiketten for amerikanske presidentar om ikkje å ha direkte kontakt med den taiwanske presidenten. Dette for ikkje å provosere Kina, som ser på Taiwan som ein del av landet.

Terry Branstad fekk tilbod om ambassadørstillinga då han møtte Donald Trump i Trump Tower i New York i går kveld. Den norskætta guvernøren har tidlegare vore rådgjevar for den nyvalde presidenten i landbruksspørsmål.

Sonen til Terry Branstad, Eric Branstad, var leiar for Trumps valkamp i Iowa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt