Hopp til innhold

Norskætta guvernør aktuell for Trump-jobb

Iowa-guvernør Terry Branstad (70) er aktuell til ein jobb i den nye Donald Trump-administrasjonen, som skal overta styringa av USA i januar.

Donald Trump og Terry Branstad.

Donald Trump (t.h.) saman med den norskætta Iowa-guvernøren Terry Branstad.

Foto: SCOTT MORGAN / Reuters

I dag vart det kjent at Terry Branstad, som blir sagt å vere ein av rådgivarane til Trump om landbrukspolitikk, skal i møte med den komande presidenten tysdag kveld norsk tid. Det blir spekulert i om han er aktuell for landbruksminister-posten.

Sjølv er han utdanna jurist. Han er gift med Christine Branstad og saman har dei tre born. Han har gjennom heile karrieren høyrt til Det republikanske partiet.

Populær guvernør

Branstad er ein svært populær guvernør i Iowa, der han er inne i sjette fireårsperiode. Han var først guvernør samanhengande frå 1983 til 1999. Så gjekk han av for å praktisere som advokat, før han i 2003 vart direktør for Universitetet i delstatshovudstaden Des Moines.

Han var i denne jobben fram til 2009, for då ville han tilbake til politikken. Han vart valt til guvernør igjen i 2010 og så igjen 2014. Alt då han gjekk av i 1999 var han den lengstsitjande guvernøren i USA.

Han er både den 39.- og 42. guvernøren i delstaten Iowa.

Terry Branstad på nett

Dick Cheney til NRK: – Trump vil bli en effektiv øverstkommanderende

Trump forsvarer Taiwan-telefon med Twitter-tirade

Arresterte Jane Fonda

Terry Branstad er fødd i Leland i Iowa i 1946. Mora Rita f. Garland var av jødisk opphav, medan faren Edward Arnold Branstad, bonde av yrke, kom frå ein norsk-amerikansk familie og oppseda i luthersk tru.

Terry Branstad konverterte til katolisismen etter at han vart vaksen, ifølgje Wikipedia.

Militærtenesta gjorde han unna i militærpolitiet, og på CV-en sin har han blant anna at han ein gong arresterte den kjende skodespelaren Jane Fonda. Ho var på veg inn på æreskyrkjegarden Arlington utanfor Washington DC for å demonstrere mot Vietnam-krigen, då norskamerikanaren greip inn.

– Lurt å be om råd før man ringer

Historikar: Ingen kan stoppa Trump frå å bruka atomvåpen om han vil

SISTE NYTT

Siste nytt