NRK Meny
Normal

Norsk skip skal patruljera der flyktningkatastrofen er verst

CATANIA / OSLO (NRK): Det norske skipet «Siem Pilot» fekk i ettermiddag tildelt område for sitt bidrag redningsoperasjonen i Middelhavet. Noreg skal patruljera der flyktningstraumen over Middelhavet er som verst.

I dag kom det norske skipet som skal delta i redningsoperasjonen i Middelhavet fram til Sicilia. I morgen legger skipet ut på havet. Oppgaven blir først og fremst å drive grensepatruljering.

I morgon startar det norske skipet på det seks månader lange oppdraget sitt i Frontex-operasjonen "Triton" i Middelhavet. Torsdag blei det klart at skipet skal driva grensekontroll i det området der det er flest båtflyktningar.

Det norske skipet kom fram til Sicilia i dag. Allereie i morgon legg det ut på havet for å delta i Frontex-operasjonen «Triton» i Middelhavet.

På eit møte med Frontex om bord på skipet i ettermiddag, fekk det norske mannskapet tildelt området dei skal patruljera i.

I seks månader skal «Siem Pilot», som til vanleg vert nytta til offshoreverksemd i Nordsjøen, driva grensekontroll og redningsarbeid i eit område sørvest for Sicilia i retning av Tunisia.

Der er i dette området at det er flest flyktningar som legg ut på den livsfarlege reisa over til Europa, får NRK opplyst.

Oppdraget handlar primært om å ta kriminelle og avdekkja smugling. Frontex vil difor ikkje avsløra dei konkrete koordinatane som det norske skipet har fått for sitt bidrag.

Mat, medisinar og våpen

Dagen før det norske mannskapet tek fatt på oppdraget sitt, er det sol og fint vêr i området. Det er eit dårleg teikn.

– Me reknar ikkje med å bli arbeidsledige så lenge det er så godt vêr. Det betyr at fleire båtar legg ut frå Libya i retning Italia, trafikken over Middelhavet aukar, seier styrkesjefen om bord på det norske skipet, Tore Barstad, til NRK.

Båtflyktninger utenfor Italia

Biletet er frå ein redningsaksjon utanfor Sicilia den 6. juni, då 3500 flyktningar blei redda frå 15-båtar i Frontex-operasjonen som Noreg no skal delta i.

Foto: - / Afp

26 land deltek i Triton-operasjonen, og norske Siem Pilot er eit av dei største skipa som er med. Totalt 31 personar er om bord: 13 båtmannskap, ni politifolk og ni soldatar frå Forsvaret. Blant dei er det både ein lege og ein sjukepleiar.

Med seg har dei blant anna redningsvestar, teppe, medisinar, mat, vatn og våpen. Dei må vera førebudde på alt.

– Me kan ikkje stikka av eller gøyma oss midtfjords. På flyktningbåtane kan det vera kriminelle eller folk som har vore involverte i krig. Me har tenkt på absolutt alt, fortel styrkeleiar Barstad til NRK.

– Kjem til å sjå døde og desperate menneske

Situasjonane som ventar dei der er ekstreme. Berre i løpet av det siste døgnet har 1000 båtflyktningar blitt berga. Hittil i år er 63.000 båtflyktningar redda, ifølgje den italienske kystvakta. Samstundes døyr tusenvis i forsøket på å realisera draumen om eit betre liv i Europa.

Det norske Rederiforbundet har med uro følgt situasjonen i Middelhavet tett over lang tid. Direktøren Sturla Henriksen er på Sicilia og seier til NRK at det viktigaste det norske mannskapet kan gjera er å ta vare på seg sjølve og kvarandre.

– Dei kjem til å få sjå døde menneske, desperate og traumatiserte menneske, men forhåpentlegvis også mange glade menneske. Det er dei mellommenneskelege inntrykka som kjemt il å bli det mest krevjande å handtera her, seier direktøren i Rederiforbundet, Sturla Henriksen.

Styrkeleiaren håpar at dei er godt nok mentalt førebudde.

– Men det er ein ekstrem situasjon og vanskeleg å seia før me står oppi det, seier Barstad

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt