– Skal vi nå klimamåla for 2030 er vi heilt avhengige av eit samarbeid. Eg er glad for at vi saman med Island og EU-landa kan starte formelle prosessen med å få ferdig avtaleteksten.
Noreg har ved å underteikne Paris-avtalen forplikta seg til å redusere klimautsleppa med 40 prosent frå 1999-nivået innan 2030. Dette målet er også nedfelt i klimalova. Ola Elvestuen presiserer at Noreg vil stå fritt i korleis vi skal gjennomføre utsleppskutta.
Vil liggje i front
– Vi har all interesse av å liggje i front her, men klarar vi det ikkje, så må kutta kome i andre europeiske land, forklarar Elvestuen. Ein endeleg avtale må godkjennast av Stortinget, EU-rådet og Alltinget på Island.
Det neste som skjer er at Efta-landa, altså Noreg og Island, sender eit utkast til ein endeleg avtale til EU-kommisjonen.
– Den siste rapporten frå FNs klimapanel viser at det hastar for å få til ein avtale. Ein slik avtale vil slå fast at EU, Island og Noreg går saman om ein ambisiøs klimapolitikk, seier Elvestuen til NRK.
Han seier at ein slik avtale vil bety sterkare forplikting og auka systematikk i klimapolitikken.
Skepsis i SV
Lars Haltbrekken i SV er skeptisk til avtalen. Han fryktar at Framstegspartiet vil bruke avtalen til å unngå kutt i Noreg, og i staden la EU-landa gjere jobben.
– Det vil norsk næringsliv og miljøet tapet på. Vi bør gå i front og utvikle teknologi som kuttar utslepp, og vi må sørgje for at norsk næringsliv ikkje blir dei siste som er avhengige av fossil energi, seier han til NRK.
Høge ambisjonar
Noreg er også eitt av 26 land i den såkalla High Ambition Coalition (HAC) (Høgambisjons-koalisjonen) som har underteikna ei fråsegn om å trappe opp ambisjonane om kutt i klimautsleppa innan 2020.
Andre land i gruppa er Sverige, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Italia, Luxembourg, Nederland, Portugal, Spania, Storbritannia, Canada og Argentina, samt mindre øystatar som Fiji og Marshalløyane.