Hopp til innhold

Norsk pensjonist på New Zealand: – Er budd på at det kan kome fleire skjelv

Margaret Hansen har teke fram overlevingsutstyret, og ventar fleire skjelv i løpet av natta. Pensjonisten, som er på besøk hjå vener og slekt i New Zealand, fortel til NRK det var det lengste skjelvet ho nokosinne hadde opplevd.

Margaret Hansen

Margaret Hansen viser fram overlevingsutstyret som er lagra i huset i Marton. Pensjonisten har budd 40 år i Noreg og er for tida på besøk hjå vener og slekt i heimlandet New Zealand.

Foto: Privat

New Zealand Earthquake

Ein supermarknad i Wellington etter eit av skjelva.

Foto: Ross Setford / Ap

Hansen fortel ho akkurat lagt seg, da ho kjende vibrasjonane. Av erfaring visste ho dette var eit jordskjelv. Eit vanleg fenomen under oppveksten i New Zealand.

– Så eg stod opp med ein gang og stod mellom dørkarmen, som er den sikraste staden i huset.

Margaret Hansen

Margaret Hansen er godt budd på fleire jordskjelv. Lommelykt og reint drikkevant er viktig, medan alle held seg vakne i småbyen Marton.

Foto: Margaret Hansen / Privat

Hansen har dei siste 40 åra budd i Noreg, og er no pensjonist. Ho er på besøk hjå vener og slekt i Marton, som ligg rundt 16 mil nord for Wellington, på den nordlege øya.

– Det var det lengste skjelvet eg har opplevd nokosinne, fortel Hansen til NRK.

Sjekkar naudprovianten

Ho driv no og laddar mobiltelefonen og sjekkar at «survival» utstyret er i orden med reint drikkevatn og at alle mobiltelefonar blir ladda.

Det kan kome fleire skjelv i løpet av natta.

– Alle hus må ha «survival kit» med lys, mat og vann. I tillegg har vi eit aktivt sivilforsvar som heilt sikkert arbeider hardt akkurat no, fortel ho til NRK.

Mange har nytta sosiale medium for å vise fram skadar på hus og heim.

Laster Twitter-innhold

Jernvarehandelen sel eigne naudskrin for jordskjelv

Survive IT

Survive-IT er eit av mange firma som spesialiserer seg på å selje overlevingsutstyr til folk på New Zealand.

Foto: survive-it.co.nz / Faksimile

Jordskjelv er vanleg på New Zealand, så innbyggarane blir oppmoda til å lage seg naudlager og vedlikehalde desse.

heimesidene til sivilforsvaret i New Zealand kan ein få råd og tips om kva eit «survival kit» bør innehalde, og kva ein treng for dei ulike naturkatastrofane som kan råke New Zealand.

Det finst også eigne firma som kan hjelpe til med å tilpasse kva ein treng å ha i heimen i tilfelle jordskjelv.

Men sjølv om det skjelv nå fleire stadar over New Zealand, er ikkje Margaret Hansen veldig uroa. Ho vedgår det vil ikkje bli mykje søvn, men huset ho bur i er solid, fortel ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt