Hopp til innhold

Arrestert nordmann i Sudan er mineryddar frå Norsk Folkehjelp

Norsk Folkehjelp stadfestar at ein av deira mineryddarar, John Sörbö, er pågripen av sudanske soldatar i grenseområdet mellom Sudan og Sør-Sudan.

John Sørbo på veg ut av flyet i Khartoum.

John Sörbö på veg ut av flyet på flyplassen i hovudstaden Khartoum i Sudan.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Sudanske styresmakter seier dei har pågripe ein nordmann med militær bakgrunn i grenseområdet mellom Sør-Sudan og Sudan.

Pressekontakt Øystein Sassebo Bryhni i Norsk Folkehjelp seier at dei fleste mineryddarar har militær bakgrunn, men at det er viktig å få fram at han no arbeider for Norsk Folkehjelp, som er ein humanitær organisasjon.

Fleire utlendingar

Nordmannen vart pågripen saman med tre andre utlendingar, ein britisk- og ein sørafrikansk statsborgar og ein sørsudansk soldat, i det omstridde og oljerike Heglig-området, der det nyleg var harde kampar mellom sørsudanske og sudanske soldatar.

Landdirektør Jan Ledang i Norsk Folkehjelp i Sør-Sudan seier at det er ein av dei mest erfarne mineryddarane i organisasjonen som no er på arrestert saman med fleire FN-tilsette. Han seier at dei ikkje kjenner detaljane rundt pågripinga, men at dei jobbar på spreng for å få han sett fri.

Video Intervju med landdirektør Jan Ledang

VIDEO: Landdirektør Jan Ledang blir intervjua av Lars Sigurd Sunnanå.

Ledang seier at gruppa ikkje var i Heglig-området, men i Pariang i delstaten South Unity, eit område ein og ein halv time i bil frå Heglig. Dei dreiv med etterarbeid av minneryddingsarbeid i området, legg han til.

Talsmann for den sudanske hæren Sawarmi Khaled Saad.

Talsmann for den sudanske hæren Swarmi Khaled Saad.

Foto: Reuters

Nordmannen var saman med ein representant for FN og en tilsett i eit sørafrikansk mineryddingsprogram då han vart pågripen, opplyser Per Nergaard, strategisk leiar for samfunnsberedskap i Norsk Folkehjelp.

Dyktig og erfaren medarbeidar

John Sörbö er 50 år gammal, og han har vore tilsett i det humanitære mineprogrammet til Norsk Folkehjelp i Sør-Sudan sidan 2005. Han starta som leiar for eit kartleggingslag før han tok over som medisinsk koordinator.

Han blir karakterisert som svært dyktig, og han vart tilsett somprosjektleiar for eit eige kapasitetsbyggingsprosjekt som Norsk Folkehjelp starta i samarbeid med styresmaktene i Sør-Sudan.

Den sudanske hæren seier at dei tre utlendinganen har militær bakgrunn, og at dei hjelper den sørsudanske hæren. Dette blir på det sterkaste avvist av styresmaktene i Sør-Sudan.

- Sørsudansk aggresjon

– Dette stadfestar det vi har sagt tidlegare, at Sør-Sudan i sin aggresjon mot Heglig vart støtta av utanlandske ekspertar, seier Sawarmi Khaled Saad, talsmann for den sudanske regjeringa i Khartoum.

Sudanske soldatar i Heglig-området 23. april.

Sudan var raskt ute med å sende fleire soldatar til Heglig etter kampane for to veker sidan.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Dei tre utlendingane er tekne til den sudanske hovudstaden Khartoum med fly, opplyser Mohammed Jadallah, talsmann for det sudanske forsvarsdepartementet.

Den sørsudanske hæren opplyser at ein FN-lastebil køyrde seg vill i grenseområdet, og at dei som var om bord er pågripne av den sudanske hæren.

LES OGSÅ: Sør-Sudans president: – Sudan har erklært krig mot oss

LES OGSÅ: – Tre drept i luftangrep mot Sør-Sudan

– Tok seg inn ulovleg

Dei tre, ein brite, ein sørafrikanar og nordmannen, skal ha prøvd å ta seg ulovleg inn i området saman med ein sørsudansk soldat, opplyser Mohammed Jadallah.

Han fortel også at dei tre utlendingane reiste i to bilar, og at det var våpen i bilane.

Både Utanriksdepartementet og Norsk Folkehjelp jobbar kveld på spreng for å få nordmannen sett fri.

Det er svært spent i grenseområdet, og det er frykt for full krig mellom Sudan og Sør-Sudan. Begge partar har gått til angrep inne på det andre landet sitt territorium. Bakgrunnen er ein langvarig krangel om fordelinga av oljeinntektene i Heglig-området.

LES OGSÅ: Flere hundre drept i Sudan

LES OGSÅ: Sudan feirar gjenerobring av oljefelt

Begge land gjer krav på Heglig

For nesten tre veker sidan gjekk sørsudanske soldatar inn i Heglig, der Sudan har halvparten av oljeproduksjonen sin. Sudan svarte med å bombe den sørsudanske oljebyen Betiu.

Begge landa meiner at Heglig-området høyrer til dei. Sør-Sudan vil at Den internasjonale grensedomstolen i Haag skal avgjere striden, men dette har styresmaktene i Khartoum avvist.

Norsk Folkehjelp har hatt eit dårleg forhold til regimet i Khartoum etter at organisasjonen støtta Sør-Sudan under borgarkrigen der.

LES OGSÅ: Folkefest i Khartoum etter sør-sudansk ordre om tilbaketrekking

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt