Hopp til innhold

Norsk matros sakna frå skipet Siem Pilot

Ein norsk matros er sakna frå supplyskipet Siem Pilot som ligg til kai i Catania på den italienske øya Sicilia, opplyser reiarlaget.

Siem Pilot

Ein matros er sakna frå skipet Siem Pilot i Catania.

Foto: HELGE HANSEN / NTB SCANPIX

Skipet Siem Pilot bidreg i arbeidet med å redde flyktningar i Middelhavet.

Ifølgje reiarlaget O.H Meling & Co. AS vart mannen sist sett klokka 03.30 natt til tysdag.

– Han vart observert at han då forlét skipet, på morgonen oppdaga mannskapet om bord at han ikkje hadde kome tilbake, seier presseansvarleg i Kripos, Ida Dahl Nilssen til NTB.

Siem Pilot gjekk til hamn i Catania søndag for at mannskapet skulle få kvile.

Aftenbladet skriv at den sakna mannen er frå Haugesund.

Siem Pilot

Siem Pilot bidreg i arbeidet med å redde flyktningar i Middelhavet.

Foto: KRIPOS / NTB scanpix

Søker på land og i sjøen

Personale frå politiet og forsvaret om bord på skipet samarbeidet med italiensk politi og kystvakt med søk både på land og i sjøen.

Matrosen er også etterlyst internasjonalt av italiensk politi.

– Etter at han vart meldt sakna har vi søkt i skipet, i havet og områda rundt. Vi har hengt opp plakatar med namnet hans og bilete i Catania. Vi håper vi finn han og at dette går bra, seier Nilssen i Kripos.

Reiarlaget opplyser at matrosen sine pårørande, ein representant frå reiarlaget og ein sjømannsprest er på ved til Catania.

Stansar hjelpearbeidet

Det er italiensk politi som har ansvaret for etterforskinga av forsvinninga, opplyser reiarlaget O.H Meling & Co. AS.

Spedbarn reddes ombord til Siem Pilot 3. august 2015

Eit spebarn vert redda om bord til Siem Pilot. Biletet er teke i august i år.

Foto: Kripos

Kripos seier at forsvinninga gjer at skipet stoppar sitt hjelpearbeid i Middelhavet.

Noreg har bidrege i redningsarbeidet i Middelhavet sidan juni i fjor, og oppdraget er forlenga til utgangen av mai neste år.

Mannskapet på Siem Pilot består av totalt 30 nordmenn, der 20 har bakgrunn frå politiet og Forsvaret, og 10 er sivile.

SISTE NYTT

Siste nytt