Norsk forskar var på Kabul-hotellet

Det var forskaren og Afghanistan-eksperten Arne Strand som var på hotellet i Kabul som blei angripe laurdag kveld. Arbeidsgjevaren Chr. Michelsens Institutt opplyser at han er i sikkerheit og blir teken hand om av helsepersonell.

Arne Strand, Chr. Michelsens Institutt

Assisterande direktør ved Chr. Michelsens Institutt, Arne Strand, blir teken hand om helsepersonell, opplyser arbeidsgjevaren.

Foto: Magne, Sandnes / CMI

Laurdag kveld storma fleire menn væpna med skytevåpen og granatar inn på Hotel Intercontinental i Kabul. Minst 18 personar blei drepne i angrepet. Søndag føremiddag opplyste UD at ein nordmann var blant gjestane som budde på hotellet, men at det var uvisst kva helsetilstand han er i.

Chr. Michelsens Institutt (CMI) opplyser no at nordmannen var deira assisterande direktør, Arne Strand. Han er ekspert på Afghanistan, og har i fleire tiår reist og budd i landet.

På jobbreise

CMI seier Strand er i sikkerheit, og blir teke hand om av helsepersonell. Det blir arbeidd med å få oversikt over helsesituasjonen hans, og dei vil prøve å få han heim til Noreg så snart som råd, seier direktør Ottar Mæstad ved CMI.

Ottar Mæstad, direktør Chr. Michelsens Institutt

Direktør Ottar Mæstad ved Chr. Michelsens Institutt rosar ambassaden i Kabul for den innsatsen dei har lagt ned for å få Strand i sikkerheit.

Foto: Magne, Sandnes / CMI

– Vi fekk melding i natt om at han var i trygge hender. Vi veit ikkje så mykje om tilstanden hans. Men han er under kyndig medisinsk oppsikt. Vi har ingen opplysningar om at han skal vere kritisk skadd.

Strand var i Afghanistan på ei to veker lang rutinereise i samband med arbeidet på CMI, opplyser instituttet.

– Vi var i sms-kontakt med han under angrepet. Inntrykket var at han ikkje var direkte truga, seier Mæstad.

Vil gå gjennom rutinar

CMI har vurderingar av kor sikkert det er før kvar enkelt reise til område med høgrisiko. Men det er første gong dei opplever noko slikt, seier Mæstad.

– Dette er ei skakande oppleving for oss. Vi reiser ofte i krigsområde. Men dette er første gong noko slikt har skjedd med våre tilsette på slike reiser. Det er klart at det gjer inntrykk. I etterkant av dette vil vi gå gjennom alle våre rutinar og sørge for at vi er oppdaterte.

Strand hadde tett kontakt med ambassaden i Kabul under opphaldet. Og Mæstad rosar arbeidet ambassaden har gjort.

– Vi er takknemlege for den innsatsen dei har lagt ned i denne saka. Dei har vore ekstremt handlekraftige og effektive for å få vår tilsette i sikkerheit.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt