Hopp til innhold

Norsk ekspertgruppe til Afghanistan

Forsvaret har sett ned ei erfaringsgruppe, som skal kartleggje det som skjedde då fire norske soldatar vart drepne i eit bombeangrep i Afghanistan søndag.

En pansret ambulanse kjører gjennom Maimana

Det er sett ned ei ekspertgruppe som skal granske angrepet sist søndag der fire norske soldatar vart drepne.

Foto: Lars Magne Hovtun / FORSVARET / Scanpix

Generalløytnant Bernt Iver Ferdinand Brovold

Generalløytnant Bernt Iver Ferdinand Brovold.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Det er sjefen for Forsvarets operative hovudkvarter, generalløytnant Bernt Iver Ferdinand Brovold, som har sett ned gruppa, som reiste til Afghanistan alt i dag. Gruppa blilr leidd av Steinar B. Hannestad, som til dagleg er nestekommanderande ved Hærens Våpenskule.

Hannesetad var så seint som i siste halvdel av 2008 nestkommanderande for Regional Command North (regionalkommando nord) i Mazar-e- Sharif.

LES OGSÅ: - Politikerne må gi klarere svar

LES OGSÅ: Derfor lykkes vi ikke i Afghanistan

Brovold opplyser at erfaringsgruppa består av åtte personar, der to av dei skal arbeide med koordinering frå Noreg.

- Mandatet gir i tillegg oberst Hannestad høve til å støtte seg til personell frå den norske kontingentstadben ved behov, seier Brovold.

Hannestad seier at han vil kartleggje dei faKtiske forholda og skaffe seg informasjon om kva som skjedde før, under og etter angrepet. Dei skal også kome med forslag til tiltak for å redusere faren for liknande hendingar i framtida.

LES OGSÅ: – Blitt mye verre den siste tiden

LES OGSÅ: Bårene til Norge før helgen

- Vi må sjå på om vi kan lære noko av det som skjedde, for å vurdere om det er rutinar eller andre forhold vi kan forbetre, seier Steinar B. Hannestad.

Gruppa har blant anna spesialkompetanse på eksplosivar, vegbomber, køyretøy og medisin.

LES OGSÅ: Falne soldater hedres

SISTE NYTT

Siste nytt