Norge forsøker å blåse liv i fredssamtaler

BAGO (NRK): For ei veke sidan bomba hæren motstandsrørsla sitt treningssenter i Kachin og drap 23 menneske. I dag var Noregs utanriksminister bindeledd då fredsministeren samla dei etniske gruppene til nye fredssamtaler.

Børge Brende og Myanmars sikkerhetssjef og fredsminister

Utanriksminister Børge Brende kom til Yangon i Myanmar laurdag ettermiddag. Her er han i møte med fredsminister U Aung Min og sikkerhetssjefen i Bago.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Med hærens mann på eine sida og fredsminister U Aung Min på andre, forsikrar den norske utanriksministeren at Norge vil halde fram å støtte fredsprosessen i Myanmar.

Dei etniske konfliktane er blant dei største utfordringane for landet. Møtet i idylliske omgjevnader på regjeringa sitt konferansesenter i Bago, er endå eit forsøk på å nå ei landsomfattande fredsavtale før parlamentsvalet neste år.

I møterommet sit representantar for fire parti; Newmon state party og partia som representar for Chin-folket, Keyin-folket og Karan-foket. Men Kachin-folket manglar. Konfliktene mellom hæren og folket i nord, har blussa opp att. Tilliten til styremakten er liten.

Kachin-drap kan velte fredsprosessen

Emil Jeremic

– Norsk folkehjelp sin representant i Myanmar, Emil Jeremic, seier optimismen blant folk i konfliktområda har stilna. Etter ei reise i felten siste veka, seier han folk ikkje har tillit til våpenkvileavtalene.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Eg trur regjeringa har eit oppriktig ønskje om å få ei nasjonal våpenkvileavtale signert før parlamentsvalet neste år, men det vi såg i Kachin førre veke, der 23 mennesker vart drepne og 13 skadde, øydelegg tilliten til styremaktene. Slike hendingar kan velte heile prosessen, seier Emil Jeremic frå Norsk folkehjelp.

Han har vore med å legge til rette for fredsmøtet i dag.

Myanmar har vore prega av opprør og uro i fleire delar av landet i meir enn 60 år. Ei rekkje minoritetsgrupper har kjempa med våpen mot styremaktene med krav om større sjølvråderett.

Fredssamtaler har ført fram for fleire av folkegruppene, men framleis står att ein nasjonal fredsavtale. Dette har regjeringa ambisjonar om å få på plass før parlamentsvalet i 2015.

– Det har vore svært utfordrande å løyse desse konfliktane, men eg tek ansvar for at vi skal nå målet, sa fredsminister U Aung Min til norsk presse etter møtet i Bago i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brende møter myndighetene i Myanmar

Med fredssamtalene tjuvstarta Børge Brende statsbesøket til Myanmar. Seinare i dag kjem kongeparet til Yangon. I morgon startar dei eit tre dagar langt statsbesøk

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Optimismen har stilna

– Det har vore framgang, og vi ser positive resultat av fredsprosessane. Det er langt færre liv som går tapt, men vi er ikkje i mål, og det har eg diskutert med fredsministeren i dag, sa Norges utanriksminister Børge Brende (H).

Han understreker at det er mye som gjenstår.

– Norsk folkehjelp sin representant i Myanmar, Emil Jeremic, seier optimismen blant folk i konfliktområda har stilna. Etter ei reise i felten siste veka, seier han folk ikkje har tillit til våpenkvileavtalene.

– Det er stor forskjell på det som blir sagt i samtalene her og det folk uttrykker på bakken, seier Jeremic.

Med fredssamtalene tjuvstarta Børge Brende statsbesøket til Myanmar. Seinare i dag kjem kongeparet til Yangon. I morgon startar dei eit tre dagar langt statsbesøk.

Då skal dei både møte president Sein thein og opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi i hovudstaden Naypiytaw.

Tehin Sein og Aung San Suu Kyi håndhilser

Det norske kongeparet skal møte både opposisjonsleier Aung San Suu Kyi og Myanmars president Sein Thein.

Foto: STRINGER / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt