Hopp til innhold

– Noreg er ikkje interessert i trafikktryggleiken i u-land

DEDZA (NRK): Sjølv om dødsulukker i trafikken er i ferd med å bli like dødeleg som svolt og sjukdommar som HIV/aids, kuttar Noreg i bistanden på dette området. – Vi prioriterer andre ting, seier utviklingsministeren.

Terje Assum i Transportøkonomisk institutt om Noreg sin bistand til trafikktrygging i utviklingsland.

VIDEO: Terje Assum i Transportøkonomisk institutt er kritisk til at Noreg ikkje bidrar i arbeidet med å få ned dødstala i trafikken. – Vi er blant dei beste i verda på trafikktrygging og kan gjere ein forskjell, seier han.

Simon Solheim, journalist i NRK Dagsrevyen

– Det er ikkje sikkert at politikarane veit at trafikkulukker har blitt eit stort helseproblem, spesielt i utviklingsland, på linje med dei vanlegaste sjukdommane, seier forskar Terje Assum ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Rundt 1,3 millionar menneske mistar livet i trafikken i året. Både Trygg Trafikk, Transportøkonomisk institutt og Statens vegvesen slaktar no Noreg sin innsats på dette området.

– Det er knapt ein innsats i det heile. Dette er ikkje eit prioritert område for norsk utviklingshjelp. Det er vanskeleg å forstå, for det har blitt eit folkehelseproblem, og Noreg er jo opptekne av helse i uland, seier Assum til NRK.

Må avslutte prosjekt i Afrika

Trafikkforskaren får støtte av fungerande direktør Tori Grytli i Trygg Trafikk og direktør for Internasjonal stab i Statens vegvesen, Marit Due Langaas. Dei meiner Noreg gjer for lite på dette området.

– Vi har bistandsavtale med mange land der problema er størst. Vi burde absolutt hjelpe til på dette området, seier Grytli.

– Vi har hatt fleire prosjekt i Afrika, men desse prosjekta er i ferd med å bli avslutta. Styresmaktene er ikkje interesserte i trafikktrygging i uland lenger, seier Langaas.

Utanriksdepartementet (UD) og Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) har kutta i støtta til Statens vegvesen. I eit dokument frå Statens vegvesen står det at «veg- og vegtransportsektoren ikke prioriteres i bistandspolitikken.»

Artikkelen held fram under biletet

Dokument - Statens vegvesen

KUTTAR: Statens vegvesen får ikkje lenger hjelpe til i Afrika. UD og Norad har kutta støtten.

TØI har også tidlegare bidrege i utviklingsland, men ifølgje Terje Assum får dei ikkje lov til å hjelpe. Det er ikkje pengar til det.

– Vi er blant dei beste i verda på trafikktryggleik og veit kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Vi har spurt om å få lov å hjelpe, men styresmaktene er ikkje interesserte. Dei vil ikkje bidra, sjølv om dødstala i trafikken går oppover, seier Assum.

– Men kva kan Noreg gjere?

– Vi kan dele kompetansen vår, for vi veit kva som bør gjerast. Vi har veldig god erfaring og systematisert kunnskap om dette basert på internasjonalt forsking.

UD: – Vi prioriterer andre ting

Signalet om at trafikkulukkene er i ferd med å bli blant dei verste utviklingsproblema, har nådd Sverige. Det svenske bistandsorganet SIDA satsar no, i samarbeid med Vägverket og det svenske Väg- og trafikinstitutet (VTI), aktivt på overføring av kunnskap om trafikktryggleik.

Hovudforsamlinga i FN har sett trafikktryggleik på dagsorden gjennom to resolusjonar som blei vedtekne i 2004 og 2005. Den siste viser til «den globale trafikksikkerhetskrisen», og oppmodar til internasjonalt samarbeid. Dei ber også medlemslandene om å hjelpe utviklingslandene med økonomisk, teknisk og politisk støtte.

Likevel, dette har ikkje prioritet hos UD og utviklingsminister Heikki Holmås (SV):

– Vi har valgt å prioritere andre ting. Vi jobbar for kvinner sine rettar og satsar stort på arbeidet for helsa til born og mødre i staden for. Det er eit viktig arbeid der vi har lukkast, seier Holmås til NRK.

Men dødstala i trafikken går oppover, Noreg har tidlegare satsa tungt på trafikktrygging, men nedprioriterer dette no. Er det ei riktig prioritering?

– Vi støttar Verdens helseorganisasjon som jobbar internasjonalt for førebyggje at menneske blir drepne, og så tar vi ansvar på andre områder, svarar utviklingsministeren.

Utviklingsminister Heikki Holmås om trafikktrygging i u-land.

VIDEO: Utviklingsminister Heikki Holmås (SV) seier Noreg er opptekne av andre områder enn trafikktryggleik i utviklingsland.

SISTE NYTT

Siste nytt