NRK Meny
Normal

Noreg har mest nedgang av asylsøkarar i Europa

I Noreg er asylsøknadane redusert med 95 prosent, når eurostat samanlikna i fjor haust med i vår.

MIGRANTS-YEAR ENDER/2015 Yearend 2015: Migrant Crisis

Fjerde kvartal i fjor kom det 426.000 asylsøkarar til Europa. Mange her til Dobova i Slovenia. Første kvartal i år kom det 290.000 til Europa. Asylstraumen har bremsa opp.

Foto: SRDJAN ZIVULOVIC / Reuters

I den nye rapporten til Eurostat, blir talet på asylsøknadar i siste kvartal i fjor, samanlikna med første kvartal i år.

95 prosent nedgang i Noreg

Rapporten viser at det registrert 885 førstegang asylsøknadar i første kvartal i år i Noreg. Til samanlikning kom det 17.685 asylsøkarar til Noreg i siste kvartal i fjor. Dette betyr ein nedgang på 95 prosent, skriv Eurostat i sin rapport.

Det er flest av landa som er omtalt i rapporten, EU og EØS-landa.

Sverige opplevde ein nedgang på 91 posent i same periode. Danmark 74 prosent og Finland 85 prosent.

Nedgang på 33 prosent i Europa

I EU søkte nesten 290.000 personar om asyl dei første tre månadene i 2016, medan 426.000 søkte dei tre siste månadane i fjor.

Ein nedgang på 33 prosent.

Framleis flest syrarar

102.000 syrarar søkte asyl første kvartal i år. Dette er betydeleg fleire enn det som kom frå Irak og Afghanistan. Der kom det om lag 35.000 frå begge land.

EUROPE-MIGRANTS/ITALY

I det siste har det kome mange afrikanske asylsøkarar over Middelhavet til Italia. Likevel er det Syria, Irak og Afghanistan som toppar statistikken. Betydeleg fleire kjem frå Syria.

Foto: ANTONIO PARRINELLO / Reuters

Seks av ti søkte asyl i Tyskland

Tyskland er den mest populære destinasjonen for asylsøkarane, med 61 prosent av førstegangssøkarane i EU.

Italia, Frankrike, Austerrike og Storbritannia er dei nest mest populære landa å søke asyl i.

Da Ungarn satte opp et gjerde langs grensa for en måned siden, oppsto det kaos langs grensa mellom Kroatia og Slovenia. Nå er det satt opp busser, tog og teltleire, for å gjøre transporten enklere for flyktningene.
Søndagsrevyen har fulgt en kurdisk familie som har flykta fra byen Qamishli i Syria. De tok gummibåt over Egeerhavet til Lesvos, og kom seg videre med buss til Serbia. Når vi møter dem, er det meste usikkert. Målet er Nederland.

I fjor følgde NRK ein familie på veg til Nederland. Dei passerte dermed både Austerrike og Tyskland, som er populære land å søke asyl i. Men dei fleste på reise ynskte å søke asyl i Tyskland. Denne reportasjen frå i fjor viser dei store menneskemengdene som tok seg nordover Europa, frå Middelhavet til Serbia og Austerrike. Til Tyskland, Nederland og Skandinavia.

Over ein million asylsøkarar ventar på sakshandsaming

Eurostat viser til at dei store flyktning og migrantstraumane i fjor, har ført til opphoping i byråkratiet.

Over ein million venta på vedtak på sin asylsøknad i EUs medlemstatar i mars i år. I same månad i fjor var det 560.000 som venta på vedtak.

Igjen er det Tyskland som har den største saksbehandlarbunken. På andre plass er Sverige, der 147.300 venta på vedtak i mars i år.

Fleire restriksjonar

Årsaka er truleg fleire fysiske stengsler, patruljering av Middelhavet og politiske innstrammingar. Det er uvisst kva effekt asylavtalen med Tyrkia har hatt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt