Noregs ambassadør på Sri Lanka, Hans Brattskar, reiste i dag til byen Kilinochchi i den LTTE-kontrollerte delen av øya for å ha samtalar med leiarar for den tamilske geriljaen, også kalla Tamiltigrane.
Sentrale aktørar i fredsprosessen på Sri Lanka, statssekretær Vidar Helgesen (t.v.) og ambassadør Hans Brattskar. (Scanpix-foto)
Samstundes møter den norske spesialutsendinga for Sri Lanka, den tidlegare SV-leiaren Erik Solheim, mannen som er rekna for å vere sjefsideologen i LTTE, Anton Balasingham, i London.
Dette opplyser ein srilankisk regjeringstalsmann i ettermiddag. Dette skjer medan den konstitusjonelle krisa på Sri Lanka stadig blir verre.
Det siste som har skjedd på den fronten er at president Chandrika Kumaratunga har gjort det klart at ho vil sitje eitt år lenger som president enn det ho er vald for. Dette har skapt sterke reaksjonar i regjeringa, som har kalla avgjerda for arrogant og udemokratisk.
Erik Solheim er norsk spesialutsending på Sri Lanka.
Noreg avbraut sitt siste forsøk på å få partane saman igjen i november, då striden mellom statsminister Ranil Wickremesinghe og president Chandrika Kumaratunga oppstod. Då sa dei norske forhandlarane at det var uklart kven som eigentleg hadde makta i landet.
Den srilankiske regjeringstalsmannen G.L. Perris sa til journalistar i Colombo i dag at Brattskar og Solheim sine samtalar med LTTE-leiarane ville gi eit svar på om det er grunnlag for vidare forhandlingar.
I går vart det distribuert løpesetlar i dei tamilske områda nord på øya om at det ville bli borgarkrig igjen, dersom ikkje regjeringa på Sri Lanka tok mot det dei kalla den utstrekte handa frå LTTE-geriljaen.
Også USA, EU, Japan og India er engasjert i fredsprosessen på Sri Lanka. Japans spesialutsending Yasushi Akashi er venta tilbake til Colombo tidleg komande veke, for å halde fram forsøka på å få til ein fredsavtale.
Meir enn 60.000 menneske er drepne i borgarkrigen på Sri Lanka sidan 1972, men våpenkvila som vart inngått i februar i 2002 har stort sett halde. Fire våpenkvileavtalar tidlegare har enda i full fiasko. Grunnen til at den siste avtalen har halde er truleg den sterke internasjonale støtta til fredsprosessen.