Den norske NORSAR-gruppa, Norwegian Search and Rescue, som har med seg ni redningshundar, reiste frå Gardermoen i går føremiddag. Sidan har dei vore kontinuerleg på reise.
Lite håp
Visegeneralsekretær i FN og ansvarleg for koordineringa av det internasjonale hjelpearbeidet gjennom organisasjonen OCHA, Jan Egeland, stadfestar at håpet om å finne overlevande i ruinane no minimalt. Det er det iranske Røde Halvmåne som har slått fast dette, seier han.
FN vil i morgon avgjere om redningsarbeidet skal fortsette.
NORSAR-gruppa reiste frå Gardermoen med ni redningshundar i går. (Foto: Heiko Junge, Scanpix)
Knut Magnus Berge er på plass for NRK i Bam.
Egeland opplyser at dei redningsarbeidarane som er inne i Bam no halde fram søkjet etter overlevande utover dagen, men at nye grupper ikkje vil bli sette inn i arbeidet. Det er i alt 16 search and rescue-grupper i arbeid i jordskjelvområdet, og dei har gått gjennom heile området med hundar.
NRK-reporter Knut Magnus Berge kom saman med tre andre norske journalistar og det norske teamet med redningshundar til flyplassen i Bam i føremiddag. Meldinga som møtte dei på flyplassen kom som eit sjokk. Det er ikkje lenger håp om å finne overvelande, og redningsgruppa må truleg reise heim utan å få hjelpe til.
Skuffa
Han kan fortelje at nordmennene er skuffa over at det ikkje lenger ser ut til å vere bruk for dei, men det er ikkje snakk om å reise heim. Nsetleiar Rolf Bakken i NORSAR seier at gruppa no skal opprette eit lokalt hovudkvarter i Bam, og dei vil førebu seg på å arbeide der i dagane som kjem.
Dei andre hjelpearbeidarane som kom til Bam med same flyet som NORSAR-gruppa er det truleg meir bruk for. Desse har direkte medisinsk kompetanse, og kan setjast inn i arbeidet med å hjelpe dei fleire tusen skadde.
Knut Magnus Berge fortel at situasjonen på flyplassen er kaotisk. Øydeleggingane er ikkje synlege frå flyplassen, men det er oppretta fleire provisoriske sjukehus på flyplassområdet. Han kan likevel ikkje sjå at det er så mange skadde der.
Utlendingar
Fleire utanlandske redningsteam er på flyplassen, både europeiske og arabiske, og dei er i same situasjonen som nordmennene. Dei veit ikkje om det er bruk for dei.
Den norske NORSAR-gruppa består av folk frå Norske Redningshunder, Oslo brann- og redningsetat og Norsk Luftambulanse. Gruppa blei send til Iran av Utanriksdepartementet for å bistår iranske styersmakter med leiting etter overlevande.