Normal

Noreg i spissen for styrking av FNs klimapanel

Ein nordmann dirigerer forhandlingane når FN sitt klimapanel no skal reformera leiarskap og interne prosedyrar.

FNs klimaendringskonferanse i Kina

Klimasjef i FN, Christina Figueres talar under opninga av ein konferanse i Kina, i forkant av det pågåande plenumsmøtet i Sør-Korea.

Foto: PETER PARKS / Afp

Rajendra Pachauri, leder av FNs klimapanel

Leiaren av FN sitt klimapanel, Rajendra Pachauri seier organisasjonen skal ta granskingsrapporten til etterretning.

Foto: Attila Kisbenedek / Scanpix/AFP

Denne veka er medlemslanda i FN samla i Sør-Korea for å diskutere tilrådingane frå ei sjølvstendig gransking av panelet.

Saman med Eduardo Calvo frå Peru, skal Øyvind Christophersen frå Klima- og forureingsdirektoratet (Klif) leie forhandlingane om korleis prosedyrane i klimapanelet (IPCC) kan styrkjast.

– Me tek sikte på å handsama så mange som mogleg av dei mest sentrale tilrådingane denne veka, og å laga ein plan for det vidare arbeidet, seier Christophersen som er seniorrådgjevar i Klif.

Tilrådde store reformar

Etter skuldingar om feil i den fjerde hovudrapporten om global oppvarming, bad IPCC sjølv om ei fristilt gransking av panelet sitt arbeid, med mål om å styrkje kvalitetssikringa av interne prosessar og prosedyrar.

Granskingsrapporten frå det internasjonale vitskapsrådet blei lagt fram for IPCC i august i år, og avdekte trong for djuptgripande reformar - særleg i leiinga av klimapanelet.

– Må effektivisera arbeidet

Sidan måndag denne veka har klimapanelet vore samla i Busan i Sør-Korea, blant anna for å diskutera kritikken og tilrådingane som kom fram i granskingsrapporten.

– Den største utfordringa til klimapanelet er å effektivisera arbeidet med å tilføra vitskapeleg kunnskap om klimaendringane som kan få konsekvensar for eit breidt omfang menneskeleg aktivitet, sa leiaren av panelet Rajendra Pachauri då han måndag opna det 32.plenumsmøtet.

– Ein brei diskusjon og ei grundig handsaming av den siste granskingsrapporten etterfulgt av reformar vil styrkje panelet og gjera det betre budd på å endra den verda me lever i, la Pachauri til.

– Betre kvalitet på neste FN-rapport

Medlemslanda skal på møtet i Sør-Korea også ta stilling til utforminga og organiseringa av den neste hovudrapporten til FN sitt klimapanel, som skal komme i 2014. Den førre hovudrapporten kom i 2007, då panelet også fekk Nobels fredspris.

Forhandlingsleiar Christophersen seier dei vil jobba for at møtet i Sør-Korea først og framst fokuserer på dei forslaga som kan og bør gjennomførast allereie i oppstarten av arbeidet med den femte hovudrapporten.

– Det vil sikra at kvaliteten på denne rapporten blir enda høgare enn på tidlegare rapportar, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt