Hopp til innhold

Nordmann overlevde terroråtaket

Jørn Christoffersen (41) som jobbar i FN, dukka for kulene på hotellrommet.

Video nsps_upload_2009_6_9_22_35_47_778.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det var fleire utlendingar i hotellobbyen då dramatikken oppstod. Klikk på biletet for å sjå video.

Bombeåtak mot luksushotell i Peshawar i Pakistan
Foto: MOHAMMAD SAJJAD / AP
Bobeåtak mot hotell i Peshawar i Pakistan
Foto: MOHAMMAD SAJJAD / AP
Bombeåtak mot luksushotell i Peshawar i Paskistan
Foto: HASHAM AHMED / AFP
Bombeåtak mot luksushotell i Peshawar i Pakistan
Foto: STR/PAKISTAN / REUTERS
Bombeåtak mot luksushotell i Pakistan
Foto: HASHAM AHMED / AFP

På telefon frå Pakistan fortel han til VG Nett om den dramatiske situasjonen.

- Plutseleg høyrte vi hagleskot, så høyrte eg automatvåpen. Alle vindaugo ut mot hovudvegen small sund. Deretter gjekk det kanskje fem sekund, og så var det eit stort brak. Det var ein kar som sa at ei bilbombe truleg hadde eksplodert på baksida av hotellet, seier Christoffersen.

Kasta seg ned

11 menneske er stadfesta drepne i terroraksjonen. Nordmannen var på hotellrommet sitt i fjerdeetasje då det small.

- Eg kasta meg ned på golvet då kulene kom inn vindauget mitt. Så small det, og lys, vegger og tak gjekk i tusen knas. Det vart heilt bekmørkt og heilt stille nokre sekunder, fortel han.

41-åringen har kone og eit barn i Drammen.

Stille og roleg

Chrisoffersen blei ikkje skadd av eksplosjonen. Da det hadde roa seg, fann han fram ei lommelykt og tok på seg klede.

- Eg gjekk ut og samla dei folka eg var saman med. Det heile gjekk stille og roleg for seg, sier han.

Nordmannen ynskjer ikkje å seie så mykje om kva han tenkte då skota vart fyrt av eller då bomba eksploderte.

Kunne mista livet

- Men hadde eg gått mot vindauget for å kikke då eg høyrte skota, hadde eg ikkje vore her i dag, seier han.

Christoffersen jobbar for United Nations Department of Safety and Security. Han var i Pakistan for å hjelpe til i samband med den store flyktningekrisa i området.

Les: Offensiv mot Taliban vinner fram

Ifølgje nyheitsbyrået AP er fleire utanlandske statsborgarar frakta ut av hotellet med skadar.

SISTE NYTT

Siste nytt