Hopp til innhold

Nordmann kritisk skadd i Danmark

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein nordmann er svært kritisk skadd etter ei badeulukke i Vesterhavet i Danmark, melder danske media.

Politiet blei varsla om ulukka nordvest for Ringkøbing rundt kl. 20.20 fredag kveld.

– Dei tre nordmennene sat om bord i ein båt som dreiv utover Vesterhavet. To symde i land og litt etterpå dukka ein tredje person opp. Tilstanden hans var kritisk og han blei frakta til sjukehus med ambulansehelikopter, seier vakthavande ved Midt- og Vestjylland politidistrikt Gert Høeg til den lokale nettavisa Dabladet Ringkøbing Skjern.

Den danske kysten ved Vesterhavet er populær som ferieplass blant nordmenn om sommaren. Dei tre involverte i ulukka var ein del av ei større gruppe norske turistar på ferie i Danmark, ifølgje danske Ekstra Bladet.

Politiet veit førebels ikkje nøyaktig kva som har skjedd med den kritisk skadde mannen.

– Me veit ikkje i denne stund om han har fått eit illebefinnande ute i vatnet og blitt berga av venene sine eller om han har vore under vatn og deretter blitt redda, seier vakthavande Høeg til Ekstra Bladet.

SISTE NYTT

Siste nytt