Hopp til innhold

– Alle veit at det er farleg

Ein av sherpaene som guida norske Trond Eilertsen (58) opp til Mount Everest i fjor er blant dei 12 omkomne i snøskredet langfredag. – Djupt tragisk, men ein risiko som høyrer med, seier han.

Trond Eilertsen på veg gjennom brefallet, Mount Everest

- Her gjekk ein så fort ein kunne og utan pausar, seier Trond Eilertsen om etappen gjennom brefallet på Mount Everest våren 2013. Fredag tok eit massivt snøras livet av 12 nepalske fjellguidar i det same området.

Foto: Privat

Det er 19. mai 2013. Ein utmatta, men lukkeleg nordmann gliser breitt over endeleg å ha nådd toppen av verdas høgaste fjell.

Mange må nemleg snu før dei når toppen av det 8850 meter høge fjellet mellom Nepal og Tibet. Av utmatting, sjukdom, uver. Av dei som har prøvd, har 250 døydd i forsøket.

Fredag skjedde det igjen. Denne gongen var det 12 av dei mest erfarne og lommekjende Everest-fararane som kom heim i likposar etter eit massivt snøskred på den mest populære ruta. Naturkreftene kjenner ingen respekt.

Ein av dei omkomne, sherpaen Pasang Karma, var også fjellguide for Trond Eilertsen i alle dei 50 dagane det tok å gå opp og ned den segnomsuste tinden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Eilertsen (andre f.v.) på toppen av Mount Everest

Den 19. mai i fjor nådde Trond Eilertsen (andre f.v.) toppen av Mount Everest, verdas høgaste fjell.

Foto: Privat

Tragedie

– Dette er djupt og endelaust tragisk, seier Eilertsen.

Ulukka langfredag er den dødelegaste nokosinne på Mount Everest. Framleis leitar redningsmannskap etter fire sakna som truleg ligg nedgravne under skredet, opplyser departementet for turisme i Nepal.

Eilertsen er glad for å høyra at fem av dei andre sherpaene som tok han til topps i 2013 overlevde etter å ha blitt berga ut av skredet, som gjekk frå Western ridge og ned mot Khumbu-isbreen på den mest populære ruta.

– Alle veit at det er farleg gjennom brefallet, på grunn av rasfaren ovanfrå og fordi ismassen under deg er i kontinuerleg rørsle. Frå sørsida er brefallet der veldig mange opplever seg mest eksponert, seier han.

Eilertsen minnast dei nepalske sherpaguidane som ekstremt kunnskapsrike, serviceinnstilte og venlege. Han er sikker på at den høgtragande draumen aldri hadde gått i oppfylling om det ikkje var for dei lokale fjellguidane.

– Eg tykkjer svært godt om dei etter å ha vore saman med dei to månader. Det blir sagt at første gongen ein reiser til Mount Everest er det på grunn av fjellet. Andre gongen er det på grunn av folka, seier Eilertsen.

– Mange av dei har vore på toppen eit titals gonger. Dei legg ut tau, ber teltet, maten og oksygenflaskene for deg. Legg til rette.

– Det gjekk ras rundt oss heile tida

Det var nettopp tilrettelegging sherpaene dreiv med då skredet tok dei ved morgongry fredag. Utan førevarsel kom snømassane dundrande medan dei var ute og gjorde klart tau til ei ekspedisjonsgruppe.

Ulukkene glimra med sitt fråvêr då Eilertsen var på Mount Everest i fjor. Heldigvis.

– Det gjekk store ras rundt oss heile vegen. Me har video av snøras der to personar var ei hårsbreidd unna å bli tekne av eit ras. Eg opplever at eg sjølv har hatt veldig flaks når eg høyrer om ulukker som den i dag, erkjenner den fjellglade 58-åringen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fra Sørtoppen mot Hillary Step og toppen

Det er bratte heng frå Sørtoppen mot Hillary Step og toppen av Mount Everest. Det hadde aldri gått utan ekspertisen til dei nepalske sherpaguidane, påpeikar Trond Eilertsen.

Foto: Privat

Det er for mange vanskeleg å forstå kvifor ein oppsøkjer område der det er så farleg å ferdast? Kva er motivasjonen?

– For dei som ikkje forstår det, er det umogleg å forklara. Dei som forstår det treng ikkje ei forklaring, seier Eilertsen løyndomsfullt.

Heretter blir likevel fotoalbumet og minna det næraste han kjem Mount Everest:

– Eg fekk lov av familien å dra den eine gongen. No har eg vore på toppen og kjenner ikkje behovet for å gjenta det. Men det var ein fantastisk tur frå A til Å. Ekstremt slitsamt, men eg ville ikkje vore forutan.

SISTE NYTT

Siste nytt