Hopp til innhold

Nordmann ber for livet sitt i ny video

Den norske gisselen Kjartan Sekkingsstad ber for livet sitt i ein ny video lagt ut på Internett av den filippinske terrorgruppa Abu Sayyaf, som tok han og fleire andre til fange i september i fjor.

Kjartan Sekkingstad bortført på Filippinene

Kjartan Sekkingstad ber for livet sitt i ein ny video som terrorgruppa Abu Sayyaf har lagt ut.

Foto: Privat

Det var Nettavisen som først melde om den nye videoen. Sekkingstad ber for livet sitt saman med ein kanadisk mann og ei filippinsk kvinne. Dei tre ber styresmaktene i Noreg, Canada og Filippinane om å inngå ein avtale med gisseltakarane, slik at dei kan setjast fri.

Sekkingsstad vart bortført saman med to kanadiske statsborgarar og ei filippinsk kvinne. Dei eine av kanadiarane, John Ridsel, vart brutalt avretta av gruppa i april , etter at fristen for å betale løysepengar gjekk ut.

Pressevakt i Utanriksdeparptementet, Rune Bjåstad, seier at dei er kjende med den nye videoen, men at dei ikkje ynskjer å kommentere detaljar.

– VI arbeider for å bidra til ei best mogleg løysing i denne saka. Det viktigaste for oss er liva og helsa til gislane, og omsynet til dei pårørande, seier Bjåstad.

Truer med å drepe bortført nordmann

Ti indonesiere løslatt av gisseltakere på Filippinene

I dag går fristen for å betale løsepenger ut