Hopp til innhold

Nordmann arrestert i Thailand – fann overgrepsmateriale med born

Ein 57 år gammal nordmann er arrestert i Thailand for å innehav av materiale som viser overgrep mot born. Han er dømd 11 gonger for overgrep i Noreg.

Nordmann arrestert i Thailand.

Ein 57 år gammal nordmann vart arrestert i huset sitt i Thailand i dag, mistenkt for å ha oppbevart overgrepsmateriale på¨PC-en sin.

Foto: Thailandsk politi

57-åringen er no etablert i Chaiyaphum nord for Bangkok med thailandsk kone. Han vart arrestert i huset der han bur saman med kona, melder avisa Bangkok Post. Politioberst Aroon Vachirasrisukanya i avdelinga CSD seier til avisa at han kjem til å bli deportert frå Thailand.

Politiet, støtta av soldatar, gjekk til aksjon mot mannen tidleg i dag. Dei tok beslag i ein berbar PC, der dei fann overgrepsmateriale med born i form av videoar og bilete. Thailandsk politi vil no undersøke om det er snakk om thailandske born.

Skal sendast tilbake

Politiet opplyser at den norske mannen er internert på politistasjonen i Muang. Dei samarbeider med immigrasjonsstyresmaktene med å ta frå han visumet til Thailand, slik at han kan sendast tilbake til Noreg.

Arrestasjonen skjer etter tips frå norsk politi. Dei har leitt etter 57-åringen i eit par veker, før dei lokaliserte han i eit hus i det nordvestlege Thailand.

Etter det NRK kjenner til har mannen 11 dommar for overgrep her i landet.

UD stadfestar overfor TV 2 at dei har fått melding om at ein nordmann er arrestert i Thailand, og at mannen har fått tilbod om konsulær bistand.

Dømt for overgrep: Knytter seg til barn i utlandet

400 overgrepsdømte nordmenn i risikoland

Ifølgje TV 2 reiste den no 57 år gamle mannen til Thailand medan han var ute på prøve frå ein fengselsdom for overgrep.

Thailand

SISTE NYTT

Siste nytt