57-åringen er no etablert i Chaiyaphum nord for Bangkok med thailandsk kone. Han vart arrestert i huset der han bur saman med kona, melder avisa Bangkok Post. Politioberst Aroon Vachirasrisukanya i avdelinga CSD seier til avisa at han kjem til å bli deportert frå Thailand.
Politiet, støtta av soldatar, gjekk til aksjon mot mannen tidleg i dag. Dei tok beslag i ein berbar PC, der dei fann overgrepsmateriale med born i form av videoar og bilete. Thailandsk politi vil no undersøke om det er snakk om thailandske born.
Skal sendast tilbake
Politiet opplyser at den norske mannen er internert på politistasjonen i Muang. Dei samarbeider med immigrasjonsstyresmaktene med å ta frå han visumet til Thailand, slik at han kan sendast tilbake til Noreg.
Arrestasjonen skjer etter tips frå norsk politi. Dei har leitt etter 57-åringen i eit par veker, før dei lokaliserte han i eit hus i det nordvestlege Thailand.
Etter det NRK kjenner til har mannen 11 dommar for overgrep her i landet.
UD stadfestar overfor TV 2 at dei har fått melding om at ein nordmann er arrestert i Thailand, og at mannen har fått tilbod om konsulær bistand.
Ifølgje
reiste den no 57 år gamle mannen til Thailand medan han var ute på prøve frå ein fengselsdom for overgrep.