Hopp til innhold

– Kim er for ung og uerfaren

Den fremste kvinnelege superspionen frå Nord-Korea gir eit unikt innblikk i den spente situasjonen i landet.

Kim Hyon-hee

Kim Hyon-hee sto bak bombinga av Korean Air-flyet i 1987 då 115 menneske mista livet. Her avbilda ved det koreanske krigsmuseet i Seoul.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Kim Hyun-hee var superspionen frå Nord-Korea, som etter ordre frå Kim-Il-sung sto bak flybombinga som drap 115 personar i 1987. No snakkar ho ut i eit eksklusivt intervju med den australske TV-kanalen ABC om kvifor tonen har forandra seg dramatisk frå regimet den siste tida.

Kim Jong-un

Leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un.

Foto: KNS / Afp

– Kim Jong-un er for ung og uerfaren, fortel den 51 år gamle kvinna som under intervjuet er på ein hemmeleg stad, omkransa av livvakter.

– Vil halde folket i sjakk

Eks-spionen meiner han er alt for fersk til å klare og ha same autoritet over militæret som faren hadde.

– Han slit med å skaffe seg full kontroll over militæret og å vinne lojaliteten deira. Det er difor han dreg på så mange besøk til militærbasar, for å skaffe seg støtte, seier kvinna.

Ho har ikkje tru på at Nord-Korea vil gjere alvor ut dei alvorlege trugslane, og meiner dei er eit resultat av at den ferske leiaren vil vise musklar overfor dei vestlege allierte.

– Nord-Korea nyttar atomprogrammet sitt for å halde folket i sjakk og for å få Sør-Korea og USA til å moderere seg, seier Hyun-hee.

Kim Hyun-hee

Faksimile: Kim Hyun-hee måtte gå gjennom knallhard trening frå tenåra for å bli spion i Nord-Korea.

Foto: Faksimile/ABC News

Spiontalent frå tenåra

Ho var tidleg plukka ut av skulen på 1970-talet for å starte treninga som spion. Som intelligent, vakker og kunnig i japansk var ho som tenåring ein ettertrakta spionkandidat for styresmaktene i Nord-Korea.

– Ein dag køyrde det ein svart sedan opp til skulen. Dei var frå det sentrale partiet, og fortalde meg at eg hadde blitt vald ut. Eg fekk ikkje ein gong sjanse til å seie farvel til vennane mine. Alt eg fekk var ein siste natt saman med familien min, fortel kvinna til TV-kanalen.

Ho fortel om korleis dåverande leiar Kim-Jong-il detaljstyrte alt som gjekk føre seg i landet, inkludert spionasjeoppdraga.

– I Nord-Korea lærte eg at leiaren vår Kim-Il-sung var ein gud. Du lærte å putte han framfor dine eigne foreldre.

– Nord-Korea er ikkje ein stat. Det er ein kult, seier ho.

Overlevde sjølvmordsforsøk

I 1980 vart spiontalentet sendt til ein eliteskule for spionar i fjellområda i landet. Der fekk ho eit nytt namn og intensiv trening i kampsport, våpen og språk.

Etter nesten åtte år med spiontrening var ho klar for den store testen.

Kim Hyun-hee fekk i 1987 ordre om å bombe eit passasjerfly. Dette resulterte i at 115 menneske vart drepne i flyet som skulle lette frå Bagdad i Irak til Soul i Sør-Korea. Hendinga førte til at i at USA lista opp Nord-Korea som ein stat som sponsa terrorisme.

Ho vart fengsla etter bombinga då ho saman med ein annan agent forsøkte å rømme frå landet Bahrain med eit forfalska japansk pass. Begge svelga umiddelbart kapslar med det giftige stoffet cyanid. Mannen døydde med ein gong, men Kim overlevde.

Ho har seinare gitt ut boka «Tårene frå sjela mi», der ho skriv om spiontreninga. Pengane ho tener donerer ho til dei etterlatne etter bomba. Ho bur no på hemmeleg adresse i Seoul, og er framleis redd for at nordkoreanske agentar kan slå til mot ho kva tid som helst.