Hopp til innhold

Nordkoreansk rakett på rampen

Nord-Korea har plassert ein langtrekkjande rakett som kan nå USA på utskytingsrampen, seier ein amerikansk tenestemann.

Det er her på dette anlegget utskytinga skal gå føre seg.

Sateliitt-bilete av Musudan-ri-anlegget, der raketten skal skytast opp.

Foto: KCNA / AP

Tenestemannen, som arbeider med ikkje- spreiing av atomvåpen, seier at opplysningar i japansk presse om at ein rakett er på plass i utskytingsrampen, er korrekte.

Den amerikanske tenestemannen, som ikkje vil oppgi namnet sitt, seier at han reknar med at det er snakk om ein Taepo-dong 2-rakett.

Denne raketten kan i teorien nå mål i Alaska i USA. Nord-Korea er truleg ei atommakt, og den varsla prøveutskytinga har skapt stor uro i USA.

Nordkoreanske styresmakter har tidlegare sagt at dei vil skyte opp ein satellitt mellom 4. og 8. april. Både USA og Japan har gjort det klart at dei ser på den varsla satellittoppskytinga som eit skalkeskjul for å teste ein langdistanserakett.

Både Japan og USA har sagt at dei kan kome til å skyte ned raketten, dersom dei kjenner seg trua. Nord-Korea har savart at ei nedskyting av det dei kallar ein satellitt, vil bety full krig.

Regimet til Kim Jong-il i Pyongyang har den siste tida hardna retorikken mot Sør-Korea og USA, seinast i samband med ei felles amerikansk-sørkoreansk militærøving i Sør-Korea.

Før øvinga starta sette Nord-Korea dei væpna styrkane sine i stridsalarm, og sa at øvinga var ei førebuing til ein invasjon av landet.

Nord-Koreas sterke mann, Kim Jong-il, fotografert under eit gruvebesøk nyleg.

Dette biletet av Nord-Koreas sterke mann, Kim Jong-il, vart offentleggjort i dag.

Foto: KNS / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt