Hopp til innhold

Nordirske opprørarar legg ned våpna

Den siste væpna probritiske gruppa i Nord-Irland lovar å leggje ned våpna i løpet av seks månadar.

Ulster Volunteer Force, Nord-Belfast.

Stadig fleire paramilitære grupper i Nord-Irland legg ned våpna.

Foto: PETER MORRISON / AP

Ifølgje Shaun Woodward, som er Storbritannias minister for saker som gjeld Nord-Irland, kjem den uavhengige avvæpningskomiteen IICD til å få ansvar for at prosessen går som han skal.

Det er gruppa The Ulster Defense Association og ei undergruppe av denne som no seier dei vil leggje ned våpna.

Avgjerda vert omtala som ein milepåle i landet, som fram til fredsavtalen i 1998 var prega av vald og uro i fleire tiår.

- Ein milepåle

Ulster Defense Association meiner Nord-Irland framleis burde vere ein del av Storbritannia, medan dei katolske gruppene er for ei sameining med Irland.

IRA, som er den største av dei væpna katolske gruppene la ned våpna for fire år sidan.

Dei to andre viktigaste probritiske væpna organisasjonane, Ulster Volunteer Force og Red Hand Commandos erklærte i juni at dei ville leggje ned våpna.

Avvæpninga starta i fjor

Nord-Irland fekk sjølvstyre i 2007, gjennom ein historisk avtale mellom det katolske partiet Sinn Fein og dei protestantiske unionistane.

Fleire protestantiske grupper starta avvæpningsprosessen i fjor, men denne vart stoppa etter at to britiske soldatar og ein politimann vart drepne av ytterleggåande utbrytarar frå IRA.

Avvæpninga vart starta opp att etter at den britiske og den irske regjeringa lova ei intens jakt på gjerningsmennene.

Dei probritiske lojalistane i Nord-Irland har drepe rundt 1.000 personar i løpet av tiåra dei har vore i strid med væpna republikanske grupper.

SISTE NYTT

Siste nytt