Hopp til innhold

Nord-Korea: Titals døde i styrtregn

Storm og kraftig regnvêr har teke livet av fleire titals nordkoreanarar. Tusenvis har blitt huslause.

Nord-Korea vart råka av ein tropisk storm i juni, og påfølgande kraftig regnvêr i juli har ført til at 2900 hus er øydelagde.

Om lag 8000 menneske har ingen stad å bu, skriv det offisielle nyheitsbyrået i Nord-Korea.

Også jordbruket ser ut til å vere råka, og nordkoreanarar fryktar no at kornhausten skal vere øydelagd.

300 straumstolpar er knekte, det same er 8400 tre langs vegane. I tillegg er 170 offentlege bygningar eller fabrikkar kollapsa, skriv nyheitsbyrået.

Nord-Korea har hatt store problem med å mette innbyggjarane etter naturkatastrofar etter at økonomien i landet gjekk under midt på 1990-talet.

Dei har stort sett hatt behov for hjelp frå det internasjonale samfunnet for å mette sine 24 millionar innbyggjarar. Også i år ber Nord-Korea om hjelp.

I 2007 vart minst 600 nordkoreanarar meldt døde eller sakna etter flaum.

SISTE NYTT

Siste nytt