Hopp til innhold

Nord-Korea: - Dette er ei krigserklæring

– USA har kryssa ei raud line når dei innfører sanksjonar mot nordkoreanske leiarar. Dette er ei rein krigserklæring, heiter det i ei fråsegn frå det nordkoreanske utanriksdepartementet.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un.

Kim Jong-un og det nordkoreanske regimet reagerer sterkt på den amerikanske avgjerda om å innføre sanksjonar mot nordkoreanske leiarar.

Foto: Wong Maye-E / Ap

Fråsegna er sendt ut via det offisielle nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA.

– Sanksjonane mot leiarane våre er eit avskyeleg brotsverk. Nord-Korea vil svare med dei «hardaste mottiltaka», heiter det vidare i meldinga. Det blir ikkje spesifisert kva mottiltak det er snakk om.

Det var sist onsdag at USA innførte sanksjonar mot partileiaren Kim Jong-un og minst ti andre toppar i Nord-Korea, pluss fem departement i regjeringa. Grunngjevinga er at Kim Jong-un og regjeringa hans står bak «notoriske brot på menneskerettane».

Straffar enkeltpersonar

– No som USA har erklært krig mot oss, så vil alle saker som måtte gjelde forholdet til landet bli handtert etter Nord-Koreas krigslover, går det fram av fråsegna.

I kveld ber det amerikanske utanriksdepartementet regimet i Pyongyang om prøve å unngå retorikk eller handlingar som kan auke spenninga i regionen.

Nord-Korea er alt under eit strengt sanksjonsregime på grunn av atomvåpenprogrammet. Men dette er første gong at USA straffar enkeltpersonar i regimet. Målet til USA er å ytterlegare isolere det nordkoreanske regimet internasjonalt.

Samstundes som situasjonen mellom USA og Nord-Korea blir stadig meir tilspissa, kom det i natt meldingar om at det har vore hemmelege samtalar mellom dei to landa på Steninge slott utanfor Sigtuna i Sverige.

Dette skjedde for ein knapp månad sidan, men det er uklart om det kom noko ut av samtalane. Det svenske fredsforskingsinstituttet SIPRI stadfestar at det var eit møte på høgt nivå mellom dei to landa, men vil ikkje gi ytterlegare informasjon.

Nord-Korea nekter å løslate amerikanere

Nord-Korea skjøt opp to raketter

Kina protesterer

Det kinesiske utanriksdepartementet seier i ei fråsegn i dag at dei er motstandar av sanksjonane USA har innført mot Kim Jong-un og andre nordkoreanske leiarar.

Kina har støtta sanksjonane FN har innført mot Nord-Korea på grunn av atomprogrammet, men godtek altså ikkje dei unilaterale sanksjonane som USA har innført.

Generalsekretær i FN, Ban KI-moon bad i dag Kina om å gjere alt landet kan for å få Nord-Korea til å samarbeide med det internasjonale samfunnet om menneskerettar.

Nord-Korea hevder de kan angripe amerikanske baser

Kim Jong-un bryter sitt eget røykeforbud

Nord-Korea hevder de kan angripe amerikanske baser

SISTE NYTT

Siste nytt